Hopp til innhold

Kastanjemannen toppar Netflix-lista i Noreg

Det heile starta frå ei uhyggeleg oppleving då Søren Sveistrup henta dottera i barnehagen. No er serien ein av dei mest populære på Netflix i Noreg.

En seriemorder er på ferde i Danmark, og etterforskerne Naia Thulin og Mark Hess (Mikkel Boe Følsgaard) må virkelig vri de små grå for å komme til bunns i saken.

KRIM: Ein seriemordar er laus, og han legg igjen små kastanjemenn etter seg.

Foto: Tine Harden / Netflix

Ein liten figur av kastanje kan no utfordre den mykje omtalte Netflix-serien «Squid Game», som har herja topplista på Netflix heilt sidan han kom ut.

Den danske serien «Kastanjemannen» har klatra oppover listene på Netflix i Noreg, og no er topplasseringa innan rekkjevidde. Den gjer det også bra internasjonalt, i Storbritannia er serien den åttande mest sette.

Vi er i København i moderne tid. Ein seriemordar er laus, og på åstadene står små «kastanjemenn» att – små fyrstikkmenn-liknande figurar laga av kvister og kastanjenøtter.

– Det har vore utruleg gøy å lage ei historie i Danmark som kjem så breitt ut. Eg er verkeleg stolt av serien, og verkeleg glad for å ha laga han, seier regissør Mikkel Serup.

Les: Filmpolitiets dom over serien

barn som lagar kastanjemenn

BARNELEIK: å lage små kastanjemenn, er noko mange barn gjer i Danmark.

Foto: Tine Harden / Netflix

Inspirert av dansk barneleik

Serien er basert på Søren Sveistrup si bok med same namn, som kom ut i 2018. Inspirasjonen til boka kom etter ei uhyggeleg oppleving han hadde då han henta dottera si i barnehagen.

– Eg såg alle dei små, uskyldige barna som sat og laga kastanjemenn. Dei sat med syl og bora i dei og song songen som også er med i «Kastanjemannen». Det var uhyggeleg på ein «Twilight-zone-aktig» måte. Det er barn med eit uskyldig, naivt univers i seg.

Kastanjemenn er noko mange danske barn har laga i løpet av oppveksten sin, og det er inspirert av denne leken og songen, at ideen til «Kastanjemannen» blei fødd.

Kastanjemand, kom indenfor. Kastanjemand, kom indenfor. Har du nogen kastanjer.....

Sveistrup er ikkje heilt ukjend for krimverda, han har tidlegare vore med å lage den danske serien «Forbrytelsen».

Skuespillerne fra serien Broen

NORDISK NOIR: Broen er ein av dei mest kjende innanfor sjangeren Nordisk Noir.

Foto: MALTE KRISTIANSEN

Nordisk preg

Serien fall innanfor sjangeren «nordisk noir», som er kjent for mørke landskap som skaper ei dyster stemning. Når det kjem til handling er den gjerne skriven frå eit politisk synspunkt og utspelar seg i Skandinavia eller Norden.

Kjende seriar som «Forbrytelsen» og «Broen» fell innanfor den same sjangeren som nådde fekk mykje internasjonal merksemd for nokon år sidan, ifølgje medievitar Gry Cecilie Rustad.

Serieregissør Mikkel Serup meiner likevel «Kastanjemannen» har eit særeige preg.

– Det har skjedd nokre veldig interessante ting med tanke på å finne ein varme i fargane. Sjølv om den skil seg mykje frå den nordiske noiren du kjenner frå før, vil du likevel kunne kjenna att element som er nordiske/skandinaviske.

Barneføtter og kastanjemann

FRAMOVER: «Kastanjemannen» kan ta viktige skritt vidare for å få auka satsinga på nordisk noir.

Foto: Tine Harden / Netflix

Kan opne dører

Når serien no er på topplistene i både Noreg og Storbritannia, kan det føre til vidare satsing på nordisk krim, ifølgje film- og seriemeldar i NRK, Sigurd Vik. Dette det gjeld spesielt sidan Netflix står bak serien.

– Netflix er stort med tanke på tal og kommersiell suksess. Det kan ha mykje å seie om Netflix opplever at «Kastanjemannen» er ein veg vidare i kva dei ynskjer å satse på av nordiske filmar og seriar, seier Vik.

Om han opplev stor suksess, har serien potensial til å bli ein døropnar med tanke på kva for type produksjonar det blir satsa på vidare, ifølgje Vik.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)