Hopp til innhold

Kasta ut av Canada

Berserk-skuta er ute på ny tur, men denne gongen har det gått gale, verkeleg gale.

Fredrik Juell
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Då Berserk-skuta la til hamn i Canada gjekk det ikkje akkurat som dei hadde forventa. Dei skulle berre inn til land for å fylle diesel, kjøpe mat og kjøpe nokre motordelar, men det blei lengre tid i hamn enn planlagt.

Hør: Fredrik Juell i Reiseradioen

Rett i fengsel

Supern (Rune Ohlsgaard) har ei fortid som Hell's Angels talsmann, noko som canadiarane ikkje ser på med eit smil. Det gjorde til at han for rett i fengsel, nesten før dei hadde klart å legge båten i hamn.

Og ikkje nok med det så tok dei og med seg kokken (Fredrik Juell).

- Det skjedde utan grunn, eller på grunn av ein motorsykkelklubb som eg ikkje ein gong er medlem av. Ikkje døm boka etter coveret, fortel Fredrik i Reiseradioen.

Alex og Fred i Reiseradioen sitt studio

Alex Rosèn og Fredrik Juell i Reiseradioen sitt studio

Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Kvifor trur du dette skjedde?

- Det må vel vere fordi eg har skjegg og tatoveringar. Og kanskje fordi vi er kompisar og delar lugar ombord i båten, fortel Fredrik og ser ut som eit spørsmålstegn.

Sendt til Norge

Supern som dei kallar maskinisten ombord i båten sit framleis i fengsel i Canada, medan kokken måtte reise tilbake til Norge.

- Vi sat i fengsel saman i fire dagar, eigentleg ganske hyggeleg. Vi fekk faktisk site ved siden av kvarandre, fortel Fredrik.

Men kvar er Supern no då?

- Han er nok framleis i fengsel i Canada. UD meinar i alle fall det, fortel Fred som no er trygt tilbake i Norge.

Fly tilbake 

Fredrik Juell

Kokken Fredrik Juell fekk norsk frukost då han kom heim til Norge.

Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

I desse dagar er skuta på veg frå Canada til Grønland, utan maskinist og kokk.

- Det er no dei verkeleg treng ein kokk, det er hardt vêr og mykje jobb, difor treng dei ein kokk, slik at dei får eit skikkeleg kosthald, fortel Fredrik.

Av den grunn blir det ikkje eit langt opphald for Fredrik her i Norge.

- Eg flyr til Grønland og ventar på dei der. Dei kjem snart dit så eg får berre vente på dei der.

Men uansett kor mykje problem Berserk-gjengen skal ha og vidare få på turen er Fredrik sikker på ein ting.

 - Vi skal segle nordvestpassasjen, uansett kven det er som prøvar å stoppe oss, avsluttar Fredrik.

Skuta Berserk

slik ser båten til Berserk-gjengen ut.

Foto: Wildvikings.com

 

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)