Hopp til innhold

Kanye West ber Facebook-gründar betale over åtte millardar

Kanye West seier han har over 450 millionar kroner i gjeld. No håper han Mark Zuckerberg investere rundt 8,6 milliardar kroner i framtidige «idear».

US-KANYE-WEST-YEEZY-SEASON-3---RUNWAY

Kanye West er aktiv både med musikk og mote. No vil han ha med seg Mark Zuckerberg til å finansiere nye påfunn.

Foto: Dimitrios Kambouris / Afp

West har bede følgarane hans på Twitter om å presse Zuckerberg til å støtte han, skriv nyheitsbyrået Reuters.

– Verden, ver så snill, bruk Twitter, Facetime, Facebook, Instagram, eller kva du kan for å få Mark til å støtte meg ...

Laster Twitter-innhold

West, som altså hevdar at han har over 450 millionar kroner i personleg gjeld, seier at folk ikkje vil gi pengar til «ekte artistar» som han sjølv, og i staden brukar pengar på å opne skular i Afrika.

Fleire av følgarane til West har prøvd å formidle vidare ønsket til Zuckerberg, som ikkje har Twitter-konto. Men han har enno ikkje svart.

Ny plate

FILES-US-IT-INTERNET-FACEBOOK

Det er uvisst om Mark Zuckerberg vil følgje ønsket til Kanye West.

Foto: JOSH EDELSON / Afp

Det var laurdag kveld, før han skulle framføre musikk frå si åttande studioplate, «The Life of Pablo», på komishowet «Saturday Night Live», West fortalde om gjelda.

Den nye plata har vore utsett fleire gongar. Laurdag sa han at ho skulle vere tilgjengeleg for nedlasting på heimesida hans. Men like etter ombestemte han seg, og tok plata av nettet. I staden blei ho berre tilgjengeleg for kundar av strøymetenesta Tidal.

Tidal er eigd av rapparen Jay-Z, som også har fått æra av å ha oppdaga Kanye West.

Dyre klede

West, som er gift med reality-tv-stjerna Kim Kardashian, har brukt fleire tital millionar kroner på ein eigen kleskolleksjon. Dette skal vere svært dyre klede. Frakkar og jakker skal koste opp mot 35000 kroner. Ei treningsbukse kostar over 4000 kroner.

Under New York Fashion Week førre veke, lanserte West sin nye kolleksjon, og gav også ein smakebit frå den nye plata. Over 20 millionar sjåarar følgde showet som blei strøyma på nettet.

US-KANYE-WEST-YEEZY-SEASON-3---BACKSTAGE

Kanye West lanserte ein ny kleskolleksjon under New York Fashion Week førre veke.

Foto: JP Yim / Afp

Kulturstrøm

  • Sjette førsteplass på albumlisten for Ariana Grande

    Ariana Grande sikrer seg sin sjette førsteplass på den amerikanske albumlisten med sitt sjuende studioalbum.

    – En uke med evig solskinn, skrev Ariana Grande i helgen på Instagram – og siktet til suksessen som hennes sjette album, kalt nettopp «Eternal Sunshine», har.

    Utgivelsen solgte det som tilsvarer 227.000 albumenheter i sin første uke, noe som er årets beste hittil, ifølge Billboard. Blant annet ble låtene strømmet 195 millioner ganger. Den nye platen, som også topper VG-lista her hjemme, er laget i samarbeid med svenskene Max Martin og Ilya Salmanzadeh.

    Grande har tidligere toppet albumlisten med «Positions» (2020), «Thank U, Next» (2019), «Sweetener» (2018), «My Everything» (2014) og «Yours Truly» (2013). 2016-platen «Dangerous Woman» kom «bare» til en andreplass.

    Ariana Grande
    Foto: AFP
  • Fem land vil ha «Cammo»

    NRK har inngått opsjonsavtale med Tyskland, Frankrike, Spania, Belgia og Nederland om nyinnspillinger av dramakomedien «Cammo».

    Over 700.000 så første sesong av «Cammo». Serien handler om influenseren Cammo, som går konkurs og må ta på seg jobben som støttekontakt for Kamilla med Downs syndrom.

    – Dette er helt surrealistisk! At humoren og historien i «Cammo» kan treffe både spanjoler og tyskere er skikkelig gøy. Jeg gleder meg til å se hvordan de forskjellige landene tolker manus, og er så takknemlig og glad for at historien om Cammo og Kamilla potensielt skal bli fortalt til så mange millioner mennesker, sier Caroline Glomnes, serieskaper og hovedrolleinnhaver.

    Katelyn Garbin og Caroline Glomnes i rollene som Kamilla og Cammo.
    Foto: NRK

Flere kulturnyheter