Koreanske «Squid Game» er den mest sette TV-serien på Netflix om dagen. I dramaserien konkurrerer gjeldsslavar om store pengesummar i kjende barneleikar. Ryk ein ut, blir ein drepen.
«Squid Game» kan vere både valdeleg og mørk. I Sandnes sendte ein rektor varselmelding heim til foreldra. I friminuttet hadde barna allereie byrja å herme etter den populære TV-serien.
Midt i kaoset av barn som leikar at dei drep kvarandre, har det likevel dukka opp noko positivt.
No viser det seg at det kan hende den koreanske suksessen kan motverke rasisme.
Vegen mellom liv og død er kort i den koreanske TV-serien.
Foto: YOUNGKYU PARK / AFP– Når desse internasjonale filmane og seriane kjem opp i lyset, så visar dei forskjellige aspekt ved korleis eit menneske kan vere, som at asiatar er heilt normale menneske, dei òg.
Det seier Eileen Kim frå Sør-Korea. Ho kom til Noreg som 11-åring saman med familien sin og har sidan den gongen opplevd mykje rasisme knytt til kor ho kjem frå. Derfor har ho mellom anna bytta frå det opphavlege namnet sitt, Kim Gahee.
Eileen Kim er glad for meir representasjon
Foto: PrivatLei utdaterte fordommar
– På grunn av stereotypar trur ofte folk at mor mi er vaskedame, eller at folk som er eldre enn meg, har slike stereotypiske jobbar, når dei eigentleg driv med noko heilt anna, fortel Kim.
Ho håpar serien som «Squid Game», og framveksten av K-pop, kan endre synet folk har på asiatar.
For Kim er ikkje det å vere synleg i film og TV det viktigaste, men det er likevel gøy når ho ser at koreanarar blir framstilt meir positivt enn negativt.
Synlegheit er viktig
– Eg håpar at «Squid Game» kan bidra til at ein opnar augo for talenta som finst utanfor grensene til Hollywood, seier fungerande dagleg leiar ved Antirasistisk senter Linda Tinuke Strandmyr.
Ho meiner at det å sjå ein som liknar på seg sjølv på TV, er viktig.
Nestleiar i Antirasistisk Senter, Linda Tinuke Strandmyr.
– Det å sjå seg sjølv og menneske som ser ut som seg sjølv i populærkulturen, bidrar ikkje berre til at ein blir synleggjort. Det har noko med at narrativet om kulturen eller bakgrunnen din blir breiare.
Ho trur dei ein ser i populærkulturen, kan ha stor påverknad. Om ein ser ein person som har same bakgrunn som ein sjølv, viser det at det er mogleg at du òg kan komme dit.
– Du tenker at det er rom for meg her, men ikkje i desse foruma. Det å tenke at du kan bli skodespelar eller produsent når du er fleirkulturell, for mange er det ein heilt urealistisk draum.
Kven eig historia?
Strandmyr meiner synleggjering i norske filmar og TV-seriar er dårleg.
– Det handlar ikkje berre om synlegheit i kven som har hovudrolla, men også dei som lagar filmar og TV-seriar.
Ho seier det har med kven som eig historia å gjere, og kven som får lov til å formidle henne.
For Strandmyr er det ikkje eit mål at Hollywood òg skal tilpasse seg og hente inn andre kulturar. Det som er noko av det som er bra med «Squid Game», er at han er laga i Sør-Korea av koreanarar.
– Eg håpar at dette er til inspirasjon for dei ulike filmbransjane rundt om i verda. Ein må flytte makta og kor historia blir fortald frå.
Massør og au pair
– Eg har vorte spurd om å spele både massør, «postordrebrud», vaskehjelp og au pair, fortel skodespelar Uma Feed Tjelta.
Ho er adoptert frå Sør-Korea til Noreg og seier ho har opplevd å bli behandla ulikt i yrket som skodespelar på grunn av utsjånaden.
Skodespelar Uma Feed Tjelta.
Foto: PrivatTjelta er glad for at TV-seriar som viser noko anna enn vestleg utsjånad har suksess, «Squid Game» til dømes, men trur ikkje at serien vil fungere direkte som eit vern mot rasisme.
– Den koreanske filmen «Parasite» vann fleire Oscar-prisar i 2020, og eg vil ikkje seie at ein har opplevd mindre rasisme mot asiatarar etter det, påpeiker Tjelta.
– Sjå berre på alt det rasistiske hatet som kom under koronapandemien, til dømes, legg ho til.