Hopp til innhold

Kald, vakker og farleg

Kvart år går fleire tusen turistar på Briksdalsbreen i Nordfjord. Dei aller fleste betalar for ein breførar, men mange bryr seg ikkje om fareskilta. Dagleg ser breførarane turistar som tek seg opp på isen i småsko og utan utstyr.

Briksdalsbreen før nedsmeltinga
Foto: NRK

Det er ikkje langt mellom fareskilta kring botnen av Briksdalsbreen. Medan me tek på oss utstyret som trengs for brevandring, peikar breførar Frode Briksdal på ein turist som likevel klatrar opp på dei nederste is-tungene for å ta eit bilete.

- Det som kan skje er at dei misser fotfestet på isen, sklir og skadar seg, seier Frode.

Det hender òg at turistar tek seg lenger opp på breen med småsko og sommarklede.

Rett utstyr i fleire hundreår

Før eg får gå ut på isen vert eg utstyrt med sele til klatretauet, stegjern på føtene, isøks og hjelm.

I eldre tider vart Jostedalsbreen mykje brukt som ferdselsveg mellom Nordfjord til Sogn, blant anna dreiv handelsmenn krøtter over isen. Den gongen slo ein naglar gjennom solane på skorne for å få feste i isen. Samstundes brukte bre-vandrarane ein stokk slik ein i dag brukar isøks.

Men rett utstyr er ikkje nok, før me erobrar Briksdalsbreen får eg også eit lite kurs i korleis eg skal setje føtene på den harde isen.

Breførar Frode Briksdal på Briksdalsbreen i Stryn.

Minkar raskt

Fordi Briksdalsbreen er så bratt og kort reagerer den svært raskt på endringar i klimaet. Ein kald og snørik vinter viser att på Briksdalsbreen alt etter 3-4 år, medan andre utløparar av Jostedalsbreen reagerer mykje seinare. Til dømes har Nigardsbreen i Sogn ei reaksjonstid på mellom 20 og 25 år.

For 250 år sidan var Briksdalsbreen på sitt største sidan Jostedalsbreen vart danna for litt over 6000 år sidan. Då nådde breen 1,5 kilometer lenger fram i dalen. No er den på veg attende, og berre dei siste 3 åra har Briksdalsbreen trekt seg attende 150 meter. Truleg vil den minke ytterlegare i åra som kjem, og om 3 til 4 år er breen så bratt at det vert uforsvarleg å klatre på den. Men Frode Briksdal fryktar ikkje at grunnlaget for turismen på breen forsvinn.

- Breen har alltid vokst og minka, og den kjem nok til å vekse att. I mellomtida får me tilby turistane noko anna enn brevandring på Briksdalsbreen.

Kald turistattraksjon

Briksdalsbreen ligg i Oldedalen i Stryn kommune. Den vesle bygda med berre 140 innbyggjarar får kvar sommarsesong besøk av om lag ein kvart million turistar. Medan Norge Rundt vitjar breen ein vanleg vekedag i slutten av august vrimlar det av turistar frå heile verda. Fleire grupper går i tau mot isen med ein breførar i spissen, dei skal overvinne ein bre for fyrste gong. Det er fleire born blant turistane på isen.

Dagmar Blaasvær filmar medan Gøril Grov Sørdal gir seg i kast med ei ishole.

Blått høgdepunkt

Høgdepunktet for meg var utvilsomt klatreturen ned i ei djup ishole. Overalt på breen var det holer og sprekker, forma av smeltevatn og rørsler i isen. Eg prøver å finne fotfeste medan Frode Briksdal forsiktig firer meg ned i isen, men dei siste metrane heng eg og dinglar i tauet. Så startar turen opp att, medan den fantastiske blå-isen omgir meg på alle kantar. Vatnet sildrar langs veggene, og verda er stille og vakker. Eg må stogge ei stund for å nyte breen frå innsida, og opplevinga får klatreturen opp til Frode til å gå som ein leik.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.