Hopp til innhold

Juryen skal bestemme igjen

Melodi Grand Prix vil ta knekken på naborøystinga.

Dima Bilan fra Russland jubler etter seieren i ESC 2008

Om russiske Dima Bilan som fekk førsteplass i fjor ville ha vunne med dei nye reglane, får vi aldri vite.

Foto: MARKO DJURICA / REUTERS

Sidan 1998 har vinnaren av Eurovision Song Contest (ESC) blitt kåra av det europeiske folkets telefonstemmer.

Men no blir det slutt på at publikum på eiga hand får avgjere kven som skal sigre i songkonkurransen.

Styret i ESC har frå i år innført ei ordning der poenggjevinga blir delt 50-50 mellom røystene frå folket, og vurderingane frå ein profesjonell jury.

Kritikk mot nabostemming

Innføringa av fagjury kjem etter at mange dei siste åra har kritisert naboland for å røyste på kvarandre, uavhengig av den musikalske kvaliteten.

I tillegg har diaspora-stemming vore eit problem, det vil seie at store minioritetsgrupper stemmer på sitt opprinnelege heimland.

Det har til dømes hagla tyske poeng over tyrkiske bidrag dei siste åra.

Difor har no kvar kringkastar i landa som er med, sett saman ein nasjonal jury av artistar og musikkbransjefolk.

Denne juryen skal gjere ei grundig musikkfagleg vurdering av alle songane, som eit kvalitativt supplement til folkestemmene.

Skeptisk til effekten

Kurt Bakkemoen

Musikkjournalist Kurt Bakkemoen trur stemmene vil bli som før.

Foto: Ødegaard, Rolf Jarle / VG

VG-journalist Kurt Bakkemoen har følgt songkonkurransen Eurovison Song Contest i 30 år, og er lunken til den nye poengordninga.

- Eg tvilar på at ein slik jury får noko reell innverknad på det endelege resultatet. Eg trur at folket og fagjuryen vil vere ganske samstemde i dei ulike landa.

Særleg landa på Balkan og i Aust-Europa har vorte skulda for å berre røyste politisk, som då Russland vann i fjor, og Serbia i 2007.

Men Bakkemoen meiner Norge gjer akkurat det same som landa på Balkan vert skulda for.

- Det handlar nok mest om at vi synest det er mange Balkan-land med i konkurransen. Vi er sjølve rause overfor Sverige, Danmark og Irland.

- Det kan rett og slett ha noko med vi tenkjer ulikt om kva Melodi Grand Prix-musikk er.

Spent på resultatet

Om tendensen med nabolandsrøysting snur med juryane får vi kanskje svaret på etter finalen i Moskva 16 .mai.

Prosjektleiar for Melodi Grand Prix i NRK, Stian Malme, er avventande.

- Eg har trua på at det er musikken som tel, men det har omtrent blitt ei etablert sanning at naboland stemmer på kvarandre. Vi håper det nye systemet vil roe kritikken - så får vi sjå kva årets resultat blir.

  • Trur du ein jury vil gje betre resultat? Sei di meining!

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK