Hopp til innhold

Julie (18) kan bli Europas nye danseyndling

18 år gamle Julie Schartum Dokken frå Oslo skal representere Noreg under Eurovision-finalen for unge dansarar fredag kveld. Noreg er tittelforsvarar etter at Daniel Sarr vann i Oslo i 2011.

Julie Dokken

Julie Schartum Dokken førebur seg til fredagens dansefinale i Gdansk.

Foto: Elena Volotova / EBU

Finalen i Eurovision Young Dancers finn stad i Gdansk i Polen fredag kveld, og du kan sjå den direkte på NRK1. Årets norske dansefinalist kom rett frå ei rekkje jobbauditionar over heile Europa då ho gjekk til topps i det norske uttaket.

– Det hjelpte meg nok å ha vore på audition så mange gonger, for eg var ikkje nervøs i det heile tatt, berre dansa og hadde det gøy, fortel Julie Schartum Dokken.

– Det å vinne uttaket er nok det største eg har opplevd som dansar så langt. Like før hadde eg tenkt om dansinga at «dette går kanskje ikkje». Men å vinne gav meg eit kick og ein «sjølvtillitsboost» – no veit eg at det i alle fall er nokon som likar måten eg dansar på!

Sjå klipp frå uttaket: Ung dans i Europa

Sjå Julie førebu seg til finalen:

Ville danse som treåring

Julie Schartum Dokken var berre tre år då ho ein dag fortalde mora at ho ville danse. Då ho vart fire fekk ho byrje på Kirkenær Ballettskole, og gjekk der til ho kom inn på Operaens Ballettskole som tolvåring.

No går Julie tredje året ved Balletthøgskolen, som er ein del av Kunsthøgskolen i Oslo. Det kostar mykje arbeid å nå langt i dans, og Julie erkjenner at ho nok ikkje har eit heilt normalt ungdomsliv:

– Ein går glipp av ein del, men dette er verkeleg dette eg vil jobbe med. Eg likar alle sider ved dansen; teknikk, koreografi, innstudering og å stå på scenen, og håper verkeleg eg kan få jobbe som dansar i framtida.

Jenny Dokken

Julie Schartum Dokken byrja å danse som fireåring. Her utanfor Kunsthøgskolen i Oslo.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Konkurrentane dansar i lag i finalen

Deltakarane i årets Eurovision Young Dancers kjem frå ti land: Armenia, Kviterussland, Nederland, Polen, Slovenia, Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ukraina – og Noreg.

Eurovisjonens dansekonkurranse vart arrangert for første gong i 1985, og vart sidan halden annakvart år, med opphald i åra 2005–2011. I 2011 fann finalen stad i Oslo, og norske Daniel Sarr gjekk heilt til topps.

– Det betydde utruleg mykje for meg å vinne Eurovision Young Dancers, seier Daniel Sarr.

– Det var ei stor oppleving, og sigeren har gitt meg store moglegheiter til å nå ut til fleire enn det eg kunne før. Eg har fått reist mykje meir enn tidlegare, eg vart mellom anna invitert til Amsterdam for å danse som solist der.

Daniel Sarr vant Eurovisjonens dansekonkurranse

Daniel Sarr vert utropt som vinnar av Eurovision Young Dancers i 2011.

Foto: NRK

Les: Norske Daniel Sarr er Europas beste danser

Julie vart plukka ut som norsk deltakar under ein audition ved Kunsthøgskolen i Oslo i februar. Juryen bestod av Michael Nunn og Billy Trevitt frå det britiske dansekompaniet Balletboyz.

I finalen skal alle deltakarane opptre med solodans, men i tillegg skal dei framføre ein felles koreografi for alle deltakarane som vert øvd inn i løpet av veka før finalen. To dansarar går til siste runde, der vinnaren vert kåra på bakgrunn av alle framføringane.

Jenny Dokken

Julie Schartum Dokken under trening ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober