Det tok lang tid før Julie Bergan (27) ikkje lenger følte på skam eller skyld etter hendinga som skjedde for om lag fem år sidan.
Ho var i starten av karrieren som popartist, og ho og ei veninne var på konsert med ein utanlandsk artist dei likte.
Etter konserten blei dei med på fest på hotellet til artisten. Bergan hugsar ho fekk ein drink. Etterpå blei det svart.
– Eg hadde skyldfølelse for at eg hadde gått dit, for at eg i det heile teke hadde drukke alkohol og for at eg var naiv og godtruande, seier Julie Bergan til NRK.
Artisten fortel om opplevinga si i NRK-programmet HAIK:
På ein biltur fylt av overraskingar og deilig musikk fortel også Julie Bergan om ei kjip oppleving for fem år sidan.
Ingen minner
Morgonen etter vaknar dei to veninnene opp i ei seng mellom den utanlandske artisten og ein kamerat. Julie Bergan var kledd av på underkroppen, og veninna var heilt naken. Dei hadde ingen som helst minner frå dei siste åtte timane.
– Vi ante ikkje kva som hadde skjedd. I tillegg var ein så ung og dum at ein ikkje forstod kor alvorleg det var med ein gong. Først då vi ringde foreldra våre og blei tekne med til valdtektsmottaket gjekk alvoret opp for oss.
På valdtektsmottaket fekk dei to snakke med psykolog og advokat i tilfelle dei ville melde hendinga til politiet.
– Det var noko inni meg som sa at eg burde gjere det, men eg turte ikkje. Sidan eg ikkje visste kva som hadde skjedd, kjentest det skummelt i tilfelle eg tok feil. Eg var redd for at det var min feil, noko det sjølvsagt ikkje var. Det var vanskeleg å stå i det, og eg ville helst berre gløyme det.
Det er fem år sidan Julie Bergan opplevde at natta blei svart, men NRK fortalde tidlegare i haust om ei auke i tilfelle neddopingar ute på byen. Lege Odd Martin Vallersnes ved Oslo legevakt sa at dei med jamne mellomrom får inn pasientar, som meiner dei har fått i seg noko utan at dei var klar over det.
Julie Bergan trur at dersom ho hadde sett sin favorittartist sitte å snakke om det og gjere noko med det, så hadde kanskje ho turt å gjere noko med det sjølve.
Foto: Adam Falk / Warner Music– Mange kjenner på redsel for å bli «uglesett»
Redsel for å ikkje bli trudd, skyld og skam er noko mange overgrepsutsette kjenner på, ifølgje Rannveig Kvifte Andresen ved Dixi ressurssenter for personar utsett for seksuelle overgrep.
Ho nemner også det høge talet på saker som blir lagt bort som ei årsak til at mange ikkje melder saka til politiet.
– I tillegg kan ein vere usikker på konsekvensane, redd for hemn, utestenging eller at ein blir «uglesett».
Kvifte Andresen ved Dixi er klar over at belastninga er stor med å gå til politiet og seier dei aldri vil presse nokon til å gjere det. Dixi ønskjer likevel at alle valdtekter blir meldt til politiet.
– Ein veit aldri kva sak som blir lagt bort og ikkje. Ein kan sjølv synest at saka manglar klare bevis, medan politiet finn det annleis.
– Tidlig kontakt kan vere avgjerande
Ann Kristin Grosberghaugen, leiar for etterforskingsseksjon seksuallovbrot ved Oslo politidistrikt, er einig.
– Bevisbildet i valdtektssaker er ofte komplisert. Det kan vere ord mot ord, få eller ingen vitne og kanskje alkohol involvert. Sjølv om politiet ikkje finn nok bevis kan det å melde saka til politiet likevel gje viktig informasjon som kan bidra til at ein gjerningsperson blir straffa på eit seinare tidspunkt, seier Grosberghaugen.
Kor kjapt politiet blir involvert har også stor betydning, men mange kvier seg for å melde frå. Ofte er ein traumatisert av det som har skjedd, ifølgje Grosberghaugen.
– Tidleg kontakt med overgrepsmottak kan vere avgjerande for å få bearbeida det ein har vore igjennom og for at politiet best mogleg skal få kartlagt kva som har skjedd. Men vi oppmodar alle til å melde valdtekta, sjølv om det har gått noko tid.
– Fekk eit sterkare kontrollbehov
Julie Bergan sin karriere var på veg full fart oppover då hendinga skjedde. Dermed var det mykje anna i livet hennar som tok fokuset, og hendinga blei ikkje altoppslukande.
– Det var ikkje traumatisk på den måten at det tok over livet mitt. Men sett i ettertid så var det eit mønster i underbevisstheita som eg ikkje var heilt klar over då. Eg følte at noko som var mitt hadde blitt teke ifrå meg mot min vilje, og det gjorde at eg fekk eit endå sterkare kontrollbehov i livet mitt.
Dessutan fekk Julie Bergan eit desperat behov for å komme i kontakt med mannen, som truleg hadde dopa ho, for å få greie på kva som eigentleg skjedde. Utan hell.
– Vi kan framleis ikkje vite kva som har skjedd. Det er det som er skummelt. Eg sat jo kjempelenge og frykta at dei hadde nakenbilde som kom til å bli spreidd. I det heile teke å bli kledd av kjennest som eit forferdeleg overtramp.
Artistkarriera har teke mykje fokus og gjorde at hendinga for fem år sidan ikkje blei altoppslukande for Julie Bergan. Her under ein intimkonsert i Kistefos skulpturpark i forbindelse med programmet HAIK.
Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRKVil hjelpe andre
Det er første gong Julie Bergan snakkar høgt om hendinga. Grunnen til at ho fortel om det nå er ikkje for at folk skal synest synd på henne, for ho har det bra, seier ho. Håpet er at historia hennar kan hjelpe andre.
– Kanskje sit det nokon der ute som har vore, eller uheldigvis kan kome i ein liknande situasjon der dei blir utnytta. Då vil eg minne dei på at dei kan gjere noko med det, og at dei ikkje skal føle skam eller legge skylda på seg sjølve. Fordi det er aldri deira skyld. Aldri!
Sjekk ut sakene under viss du vil ha meir lesestoff om musikk: