Hopp til innhold

Julekort blei for sterk kost for Facebook

Ein skotsk kunstnar måtte fjerne tre julekortmotiv frå Facebook fordi selskapet meinte innhaldet berre var eigna for vaksne.

Julekort ekorn

Dette ekornet var eitt av tre motiv som kunstnaren Jackie Charley måtte fjerne frå Facebook på grunn av «vakseninnhald».

Foto: Jackie Charlie / Facebook

Kunstnaren Jackie Charley la ut eigenproduserte julekort på Facebook med motiv av ei raudstrupe, eit ekorn og ein hjort. Men Facebook nekta henne å annonsere og selje korta der fordi dei ikkje tillèt sal av innhald retta mot vaksne, som erotiske produkt og vaksenfilm, skriv Evening Standard.

I ei melding til kunstnaren forklarer Facebook kvifor dei ikkje kan tillate annonsen:

– Det ser ut til at vi ikkje kan tillate annonsen din fordi vi ikkje tillèt sal av innhald og tenester retta mot vaksne (som erotiske produkt og vaksenvideoar).

Charley skriv på Facebook at ho ikkje kunne stoppe å le då ho fekk vite at selskapet syntest kunsten var erotisk. Samtidig kan ho ikkje forstå kvifor korta, som er basert på akrylmåleri ho har laga, er sensurerte.

Jackie Charley seier til Daily Mail at ho har prøvd å legge ut korta på nytt, utan å lukkast.

– Eg prøvde å laste opp bilda fem gongar, men avslaget kom opp kvar gong. Eg var sikker på at dette var ein feil, men det viser det seg at det ikkje er.

Ho har også prøvd å kome i kontakt med Facebook på e-post for å be dei om å gjere om på avgjerda, men ho har ikkje fått svar.

Men ifølge avisa undersøker Facebook om datamaskina som har gjort vurderinga, kan ha gjort ei feilvurdering i denne saka.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober