Seigmenn:
skal og saft av 1 appelsin
skal og saft av 1 sitron
500 gr sukker
1 dl vatn
15 pl gelatin
Legg gelatinen i vatn
Kok opp sukker og vatn i 10 - 12 min, pass på at den ikkje stivnar.
Ha oppi saft og skal av appelsin og sitron, ha oppi gelatinplatene, klem ut vatnet.
Ha denne massa i ei brødform. la stå til den stivnar. dupp forma i fem sekund i kokande vatn
Vend forma ut på eit sukra bord.
Lat overflata turke litt.
Klypp i passa firkantar og rull i sukker.
Ha på glas.
Marsipankuler:
250 g mandlar
250 gr melis
1/2 - 1 eggekvite
Skold mandlane, turk dei litt, og mal dei ein gong.
Bland inn melis og ver varsam med eggekvita, då mandlane er noko fuktige.
Rull til ei stor pølse, avkjøl. trill små kvite marsipankuler og legg på eit glas
Hærleg!
Karamellar:
50 gr smør
200 gr sukker
1/4 l fløyte
2 dl ljos sirup
1 ts vaniljesukker
evt. hakka mandlar
Ha alt kaldt i panna.
Småkok til det byrjar å "bruse" og er ljosebront.
Ha denne varme massa i ei lita langpanne som du har smurt med olje.
Når karamellmassa er lunka og noko nedkjølt slik at den heng saman, so klypper du i firkanta passe bitar.
Pakk bitane inn i cellofanpapir so dei ikkje klebar seg saman i glaset.
Trøflar:
1 dl fløyte
250 gr sjokolade
50 gr smør
3 - 6 ss whiskey/konjakk/likør
Ha fløyte, sjokolade og smør i ein kjele
Smelt og rør til jamn glatt masse og trekk til sides.
Ha i det brennevinet du ynskjer, lat stå til neste dag.
Trill kuler med kakao i hendene, det æ klissute - men du hendelse fe gøtt!!