Hopp til innhold

Julebordklede for berre 1500 kroner

Du er mann, skal pynte deg til julebordet. Pengar er det ikkje mange av no i juletida. Kva kan du gjere? Frokost-TV fortel deg korleis du dresser deg opp for berre 1500 kroner.

Slipsprøving
Foto: NRK

Pengane får fort bein å gå på no i juletida, det veit vi nok alle. Og så var det dette julebordet då, der vi alle vil sjå flotte ut, men som vi kanskje ikkje har heilt råd til å få til.

Blei ny

Den personen som blei ny med Frokost-TV no før jul heiter Geir Andresen frå Son og stylist Lasse Moursund fekk den oppgåva om å kle han opp, moteriktig og flott til julebord -og det for berre 1500 kroner.

Med berre 1500 kroner i lommeboka er det ikkje lett å finne seg ein dress, slips og nye sko, men det er faktisk mogeleg.

Sjå korleis det var då Geir Andresen, Lasse Moursund og reporter Olav Viksmo Slettan var på shopping.

Sjå korleis Geir Andresen såg ut etter å ha blitt pynta av Frokost-TV sin stylist Lasse Moursund.

Bli ny i Frokost-TV
Foto: NRK

Billig-tips frå stylist Lasse Moursund

Garnityr og småting kan du gjerne kjøpe brukt, der finn du mykje spennande og billig.

Sjekk om du finn lagerutsal der du bur. Det er slett ikkje berre storbyane som har lagerutsal. Her finn du merkeklede til sterkt reduserte prisar.

For å variere antrekket ditt kan det vere greit å ha fleire skjorter å velje mellom.

Sjekk alle sal, planlegg i god tid. Januarsalet kjem kvart år...

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)