Hopp til innhold

Juan Pablo

No skal du få bli litt betre kjent med Joan Pau Stemland, spanjolen som flytta til Norge då han var på interail.

Juan Pablo
Foto: Promo

No lurar du kanskje på kvifor denne mannen har to namn, og det er det eit enkelt svar på. Det ordentlege namnet hans er Joan Pau Stemland, men som alle store artister har han eit artistnamn, nemleg Juan Pablo.

På laurdag står 31 åringen på scena med ein song som han har laga sjølv. Den heiter ”Kom hit” og du kan sjå og høyre Juan Pablo synge songen sin  her.

Flytta til Noreg

Grunnen til at han har flytta frå varme Spania til kalde Norge er at han reiste til Noreg som 19 åring på interrail. Og kanskje det var då han fann ut at det var her han ville bu.

Svensk helt

Det er nesten litt komisk, han er spanjol, bur i Norge og har ei svensk dame som sitt store forbilde, dette er ein mann av internasjonalt kaliber.

Allereie som 14 åring blei han hekta på Roxette. deira ”bli glad” musikk, som han kallar det, er følsam og sterk.

Denne mannen har mange draumar, men den aller største er å jobbe saman med Marie Fredriksson i Roxette.

- Det er vel lov å drøyme, ler han.

Sjenert

Juan Pablo
Foto: Bilde frå musikkvideo

Den første gongen han sette sine bein på ei scene var han kjempe nervøs og sjenert, og det var så vidt han klarte å sjå på publikum. Ein av dei første gongane han skulle framføre ein av sine eigne songar blei det ikkje så mykje betre. Då starta publikum å rope til han, ”du må ikkje vere SÅ sjenert”!

- Det gjorde meg i alle fall meir brydd og sjenert akkurat der og då.

Men no kan det verke som at 31 åringen ikkje er så sjenert lenger, i alle fall når han fekk spørsmålet om kva motto han har.

- Eg meiner at ein skal leve som den ein er, ikkje som den folk meiner eller forventar at du skal vere. Ver deg sjølv og stå på!

Kva vil du bruke pengane du vinn til?

- Eg vil marknadsføre og gi ut plata mi. Eg kunne tenkje meg å turnere etter ei eventuell utgjeving.

På gøy med Juan Pablo:  

Har du nokre spesielle interesser?

- Eg lagar skulpturar av leire, og håpar at eg ein dag kan stille ut desse.

Samlar du på noko?

- Nei ikkje no, men då eg var liten hadde eg ei stor samling av smurfer, men eg veit ikkje kvar det er blitt av dei.

Kva slags Disneyfigur ville du helst ha vore?

- Dette var vanskeleg, anten Mikke Mus eller Pluto, men eg trur eg liknar mest på Donald!

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.