I etterkant av det kontroversielle valresultatet i Iran, er situasjonen i landet særs spent.
Mobilnettet er så å seie ute av drift. Folk ropar slagord mellom bustadblokkane. Mange har blitt drept i samband med gatedemonstrasjonar.
Ytringsfridomsorganisasjonen P.E.N. (Poets, Essayists and Novelists) veit om fleire iranske journalistar og forfattarar som er i livsfare.
Mange i akutt fare
- Etter valet har vi fått melding om ein journalist som har flykta til Nord-Irak, og som i følgje våre opplysingar vart arrestert då han kom dit. Dei truga med å sende han attende til Iran, der han truleg vil bli henretta, seier Kjell Olaf Jensen, som er ansvarleg for eksilforfattarar i Norge i norske P.E.N.
- Kurdiske og iranske forfattarar og journalistar i Nord-Irak er i det heile tatt i livsfare. Vi kjenner til i alle fall 7-8 menneske som er i akutt fare.
Fleire iranske journalistar er arresterte etter at iranske myndigheiter la restriksjonar på media. Utanlandske journalistar har fått beskjed om å forlate landet så fort som mogeleg.
Ingen får rapportere om kva som skjer i landet etter presidentvalet som har ført til enorme demonstrasjonar dei siste dagene. Opposisjonen meiner sitjande president Mahmod Ahmadinejads siger er valjuks.
- Gir journalistane skulda
Internasjonale journalistar som ope rapporterer frå demonstrasjonar, eller intervjuar folk på gata, blir truga med bank og i verste fall fengsel.
Eva Stabell, styremedlem i den internasjonale journalistføderasjonen IFJ, meiner dette er ille, men at situasjonen for iranske journalistar er mykje verre.
- Myndigheitene har gått ut og sagt at det er dødsstraff for å oppmuntre til uro. Og dei gir både internasjonale og iranske journalistar skulda for det som skjer i landet no.
Ber FN gripe inn
IFJ ber FN gripe inn og fordømme overgrepa og kneblinga av journalistar i Iran.
- Situasjonen for dei utanlandske journalistar er vanskeleg. Mange får ikkje jobbe, nokre er innestengde på hotellet.
- Men det er nok langt farlegare for ein iransk journalist å bli arrestert, og nettopp difor er det så viktig at internasjonale journalistar får rapportere om det som skjer no, seier Stabell.