Hopp til innhold

Johnny Depp tapte i retten – omtalt som «konemishandlar» av The Sun

Hollywood-skodespelaren saksøkte den britiske avisa etter det han meinte var ærekrenking. I dag tapte han saka.

Thumbnail for 'Fans greet Johnny Depp as he arrives for 13th day of UK libel case'

TAPTE: Johnny Depp og ekskona Amber Heard har hatt eit anstrengt forhold i fleire år. I dag tapte Depp ei injuriesak mot The Sun.

Foto: Thomson Reuters

Bakgrunnen er at britiske The Sun hadde eit oppslag som beskreiv han som ein konemishandlar med sinneproblem, skriv NTB. Depp saksøkte avisa etter dette.

Det var ekskona Amber Heard som uttalte at Depp var valdeleg mot ho, noko han sjølv nekta for i retten i sommar.

Han erkjente i retten å ha hatt eit langvarig rusproblem knytt til dop og alkohol. I retten i juli skal Heard ha fortald at Depp truga med å drepa ho «mange gonger», ifølge CNN.

Krangla mykje

Det tidlegare paret var gift frå 2015 til 2017. Konflikten mellom dei har vore høglydt og langvarig, og det skal ha blitt hevda at begge var valdelege. Begge har nekta for dette.

Rettssaka har gått for seg i London, og domstolen kom fram til at Depp ikkje skulle få kompensasjon for ærekrenking.

I avgjersla, sa dommaren ifølge The Guardian at The Sun klarte å bevisa tilstrekkeleg at det dei publiserte var sant.

Utgivaren til The Sun, News Group Newspapers (NGN), sa i eit utsegn etter avgjersla at «The Sun har stått opp og kjempa for offer for vald i nære relasjonar i over 20 år... Me takkar dommaren for hans nøye betrakting, og takkar Amber Heard for motet hennar i å bringa bevis til retten.»

Kulturstrøm

  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum på Operaen

    I år er det 25 år siden Tungvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh
  • Fleire artistar droppar Eurovision-arrangement

    Artistane Dotter og Titiyo skulle opptredd i Eurovision Village, men har no trekt seg. Det melder NTB.

    Eurovision Village er det offisielle festivalområdet knytt til Eurovision i Sverige. Der skal det vere fleire konsertar og arrangement frå 4. til 11. mai. Fleire av dei som skal opptre har trekt seg frå arrangementa.

    Bookingansvarleg for Titiyo skriv at «logistiske årsaker» er årsaka til at artisten ikkje speler. Dotter har fått fleire oppfordringar til å boikotte Eurovision på Instagram, fordi Israel deltek, skriv NTB.