Hopp til innhold

Johnny Depp hinta om «attentat» mot Donald Trump

Under ein tale på Glastonbury-festivalen i går kveld, hinta Johnny Depp om at det var lenge sidan sist ein sitjande president blei drepen av ein skodespelar.

MUSIC-GLASTONBURY/

Skodespelaren Johnny Depp besøkte den britiske musikkfestivalen Glastonbury i går kveld i samband med ei filmvisning. Han kom til festivalen sitjande på eit panseret av ein bil.

Foto: DYLAN MARTINEZ / Reuters

Johnny Depp besøkte den britiske musikkfestivalen i samband med ei vising av filmen «The Libertine» frå 2004. Filmstjerna kom til festivalområdet sitjande på panseret til ein Cadillac, og fekk ein varm velkomst frå publikum.

Før visinga spøkte han med å invitere president Donald Trump til festivalen, skriv NME. Men då kommentaren blei møtt med buing frå publikum, meinte Depp det var på plass med ei oppklaring:

– De misforstår meg fullstendig. Eg meiner han treng hjelp. Når var det sist ein president blei drepen av ein skodespelar? Eg vil berre presisere at eg ikkje er ein skodespelar. Eg lever av å lyge. Uansett er det lenge sidan sist! Og kanskje er det på tide!

Du kan sjå video av utsegna her:

– Berre eit spørsmål

Men skodespelaren var klar over at kommentaren hans var kontroversiell, og at dette truleg ville skape overskrifter.

– Dette kjem forresten pressa til å kaste seg over, og det kjem til å bli frykteleg. Men det er berre eit spørsmål. Eg insinuerer ikkje noko.

Kommentaren om når ein skodespelar sist drap ein president er truleg ein referanse til attentatet mot president Abraham Lincoln, som blei drepen av skodespelaren John Wilkes Booth i 1865.

Kommentaren til Depp blei møtt med både latter og sjokk av festivalgjengarane.

Upopulær Trump

Men Johnny Depp er ikkje den første amerikanske kjendisen som ymtar frampå om å drepe Trump, skriv BBC.

Madonna under «Women's March» i Washington.

Madonna var ein av artistane som var med på kvinnemarsjen i Washington i januar. Ho fekk i ettertid kritikk for språkbruken under arrangementet.

Foto: Jose Luis Magana / AP

Under ein demonstrasjon i Washington like etter innsettinga av Donald Trump som president, sa Madonna at ho håpa nokon ville sprenge Det kvite hus i lufta. Og i ein musikkvideo skyt rapparen Snoop Dogg med ein leikepistol mot ein person som liknar Trump.

I slutten av mai, blei ein fotoserie av komikaren Kathy Griffin lekka. Griffin blei fotografert medan ho heldt noko som skal førestille det avkutta hovudet til Donald Trump. Bildet skapte sterke reaksjonar, og Griffin mista jobben med å leie den årlege nyttårssendinga på CNN.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP