Hopp til innhold

Carrey gir blaffen – fortset med politisk kunst

Komikaren vart åtvara av managementet: «Du kjem til å miste halve publikumet ditt.» Men har superkjendisane sine politiske ytringar noko som helst å seie for veljarane?

Vulture Festival Presented By AT&T - DAY 2

KUNSTNAR: Jim Carrey har dei siste åra blitt ein aktiv biletkunstnar.

Foto: Joe Scarnici / AFP

Jim Carrey har nyleg vendt tilbake til rampelyset etter ein lang pause frå offentlegheita. I staden for å gå frå film til film har han dei siste sju åra via livet sitt til kunstmåling.

Etter kvart har kunsten hans blitt meir og meir politisk, noko managementet ikkje sette veldig stor pris på.

Vulture Festival Presented By AT&T - DAY 2

KUNSTNAR: Jim Carrey vart intervjua av Jerry Saltz om biletkunsten sin på Vulture festival i Los Angeles.

Foto: Joe Scarnici / AFP

– Dei la mykje press på meg og sa ting som «Ikkje øydelegg dette, det går bra for deg og folk elskar deg. Når du snakkar om politikk kjem du til å miste halve publikumet ditt.» Då svara eg: «Drit i dei» (Lose them!), sa Carrey under eit intervju på Vulture festival i Los Angeles søndag.

Under festivalen trakk Carrey også fram fire av sine personlege favorittar for å diskutere dei med publikum – sjølv om mange av dei nok ikkje er særleg vanskeleg å tolke.

Fire kunstverk av Jim Carrey

Laster Twitter-innhold

Denne teikninga spelar på eit utsegn frå president Donald Trump om krigsveteranen og senatoren John McCain som døde i august i år.

«Han er ikkje ein helt. Han er ein helt fordi han vart tatt til fange. Eg likar folk som ikkje blir tatt til fange.» sa presidenten om McCain i sommar.

– Dette er noko eg vakna opp til og såg. Eg høyrde Trump seie at han er veldig kristen og veldig religiøs, og eg vart kvalm av å høyre det. Eg tenkte på alle dei fornærmande, utfordrande, egoistiske og overberande orda han sa, og at det er som å nagle Jesus til krossen, sa Carrey.

Laster Twitter-innhold

Dette kunstverket kom etter at Trump meinte at dårleg skogforvalting måtte ta skulda for alle dei store skogbrannane i California den siste tida.

«Milliardar av dollar blir gitt kvart år, med så mange liv som går tapt berre på grunn av alvorleg svikt i forvaltinga av skogane. Fiks dette no, elles stoppar dei føderale bevilgningene», sa Trump på Twitter.

– Han tenkjer at måten å drive business på er å først sparke deg i ansiktet, så skal du likevel gi han ein ny sjanse når du begynner å bli betre. På same måte som ein baby, sa Carrey til Vulture.

Laster Twitter-innhold

Carrey hadde sjølvsagt også eit bilde liggande klart til halloween.

– Trump er som ein kyklop (frå gresk mytologi: einøygd kjempe red.anm.): «Kva kan eg ha, kva kan eg få, korleis kan eg øydeleggje desse menneska?» ... Vi må kvitte oss med desse kyklopane, dei er kriminelle, konkluderte Carrey.

Laster Twitter-innhold

Det er ikkje berre presidenten som får høyre det på Carrey sin Twitter-konto. Også visepresident Mike Pence får gjennomgå.

– Eg vart skaka av Mike Pence sin falskleik. Ansiktet hans er det mest uærlege som finst ... Eg har ikkje sett eit ansikt som dette sidan teikneseriane på laurdagsmorgonane, sa Carrey.

– Ingen stor effekt

Jim Carrey føyer seg i ei lang rekke av kjendisar som offentleg går til angrep på Donald Trump. Medievitar Audun Beyer trur likevel ikkje engasjementet har veldig stor effekt på veljarane.

– Hadde det hatt enorm effekt hadde nok ikkje Trump blitt valt i utgangspunktet. Det kan ha ein viss effekt på merksemda, men å endre politiske standpunkt krev mykje. Mykje av støtta til Trump blir jo berre enda sterkare jo meir motstand han får, seier Beyer.

Audun Beyer

MEDIEVITAR: Audun Beyer har doktorgrad i medievitskap og jobbar som forskar ved Institutt for samfunnsforsking i Oslo.

Foto: Aschehoug

Medievitaren meiner det er fleire grunnar til at kjendisane sine politiske bodskap oftare og oftare blir høyrt i mediebildet.

– Kjendisar som ytrar seg politisk får ofte mykje omtale fordi ein kan dra nytte av ei merksemd som allereie er kjent. Det er også enklare å identifisere seg med personar vi veit kven er og stolar på. I tillegg er kjendisane flinke til å ordlegge seg på ein kort og konkret måte, i tråd med media sine forventningar.

Ein kan også sjå for seg at nokre av kjendisane ytrar seg for å booste ei karriere.

– Men vi må anta at det som regel er eit reelt engasjement. I Carrey sitt tilfelle har han nok meir å tape enn å vinne, seier Beyer.

Kvifor kjendisar?

Beyer seier også det er viktig for journalistane å spørje seg kvifor vi er så opptatt av kjendisar sine politiske ytringar.

– Vi må hugse på at kjendisane har stor kapital på merksemda. Tida er allereie prega av at vi har alt for mykje informasjon og for lite merksemd. Media skal difor passe på kva dei formidlar vidare. Kjendisane er ikkje valde til noko. Dei er berre kjente, seier Beyer.

Det er difor passande for journalisten av denne saka å spørje seg:

– Kvifor laga eg denne artikkelen i utgangspunktet?

– Jim Carrey er nok framleis ein av verdas største kjendisar, sjølv om han nok hadde si stordomstid på 90- og 00-talet. No som han nyleg har returnert til rampelyset, blant anna med den kritikarroste TV-serien «Kidding», har han igjen blitt ei stemme i offentlegheita. Grunnen til at det går an å lage denne saka er fordi ho handlar om kunst, og korleis kunsten kan vere med og setje dagsorden i det politiske landskapet, tenkjer eg.

– Men du hadde vel neppe skrive denne saka om det var eg som måla desse bilda, spør Beyer.

– Nei, eg hadde nok ikkje det. Men Carrey har heller ikkje berre målarkunsten som ei fritidssysle. Ifølgje eit intervju med W Magazine i fjor har han måla kvar einaste dag i seks år. Han stiller ut bilda sine på anerkjende kunstgalleri, og kan difor i denne samanhengen også opptre som biletkunstnar, svarar eg.

Og ja, Carrey kan måle så mange bilde han berre vil, men for dei aller fleste mest vil han nok bli hugsa for karakterane sine i filmar som Masken, Dum & Dummere, Ace Ventura, Man on the Moon, Bruce Almighty og Yes Man.

Sjå minidokumentaren om kunstmålaren Jim Carrey:

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober