Målet var å "fremme den norske jazzen sine vilkår kulturpolitisk, kunstnarisk og pedagogisk". Dei kan slå seg sjølv i brystet og seie at målet er nådd på mange måtar. For med jazzartistar på topp på albumlistene og stor-eksport til utlandet er det god grunn til å feire, hevdar dagleg leiar i Norsk Jazzforum Tore Flesjø.
- Norsk jazz har aldri vore betre. Vi har stor breidde og mange artistar som er i verdsklasse. Difor passar det å feire på denne måten.
Feiring i natta
Organisasjonen vart stifta i 1953 eit par tiår etter Norsk jazzforbund. I dag har Norsk jazzforum over 22 festivalar, 60 klubbar, 60 storband og 400 musikarar som medlemmar. I tillegg til administrasjonen i Oslo, består Norsk jazzforum av fem regionale jazzsenter.
Natt til laurdag markerer forumet seg sjølv med nattjazz i Oslo.
- Vi går frå konsert til konsert. Scenene Herr Nilsen, Smuget og Blå arrangerer konsertar med Karin Krog, Knut Riisnæs, Jacob Young, Terje Venaas, Tom Olstad, Geir Lysne Ensemble, Nils Petter Molvær og Wibutee. Vi startar på ettermiddagen og held det gåande til laurdag formiddag.
- Her må folk stille utkvilt, krev Flesjø.
Feiring for heile Noreg
Feiringa er allereie godt i gang. Under Trondheim Jazzfestival fyrste veka i november, vart markeringa opna ved å dele ut ein ekstraordinær Buddy-statuett til Petter Peterson. Statuetten er den høgste utmerkinga i det norske jazzmiljøet. Peterson fekk statuetten for si mangeårige deltaking i Molde Jazzfestival.
- Det var ingen andre som kunne få ein slik heiderspris. Petter har stått på i mange år og fortener det.
Eit av måla med markeringa er å la heile Noreg ta del. Difor er fleire artistar allereie sendt ut på turne. Nils Petter Molvær og Wibutee er ute på ein turne i november. Frå før av har Knut Borge turnert saman med fleire kjende musikarar på prosjektet "Milestones in Jazz". Borge og Co reiser ut på ny turne i mars/april neste år.
Enorm pågang
Norsk jazz har vore leiande i mange år, men i følgje Flesjø har det aldri vore så bra som nå. Det gjer blant anna at fleire nordmenn høyrer på norsk jazz i dag.
- Heilt klart. Jazzen har ein breiare publikumsappell enn tidlegare. Samstundes har populærmusikken henta ting frå jazzen. Det trur eg har vore med på at fleire lyttar til norske jazzartistar.
- At vi gjer det bra, er berre å sjå på Silje Nergaard sine plasseringar på albumlistene.
Norsk Jazzforum merkar og at jazzen gjer seg gjeldande i Europa.
- Stadig oftare ringer det bookingsbyrå, festivalansvarlege og musikarar frå utlandet som vil vite meir om norsk jazz.
- Kva er det som gjer at det er så bra da?
- Musikklinjene i Trondheim og etter kvart her i Oslo har vore flinke til å dyrke originalitet. All heider og åre til dei som står på for å få fram nye talent. Eg trur det er hovudårsaka.
- Og det vil vedvare?
- Vi får sjå. Det er mange talent der ute, eg trur norsk jazz har ei rik framtid i møte.