– Eg er hekta på Alban Bergs fiolinkonsert

Den første konserten Jarle Bernhoft tok med sonen sin på då han var eit halvt år gammal, var med Alban Bergs fiolinkonsert. – Han fekk eit nydeleg fjes under den spinkle opninga og tok heilt av då det vart litt «bombom», fortel Bernhoft.

Jarle Bernhoft på Eurosonic 15.01.2010

Jarle Bernhoft er begeistra for den austerrikske komponisten Alban Berg.

Foto: Per Ole Hagen, NRK

Jarle Bernhoft har dei siste åra etablert seg som ein av Noregs mest populære soloartistar, etter tidlegare å ha vorte kjend som frontfigur i bandet Span. I sommar toppar han VG-lista med albumet «Solidarity Breaks», som kom ut i vinter.

Sjå i nett-tv: Kontorkonsert med Jarle Bernhoft

– Ein av mine fjelltoppar

Songaren, låtskrivaren og multiinstrumentalisten Bernhoft, nummer seks i serien med artistar som anbefaler klassisk, står i haust framfor ei ny utfordring: I august skal han halde konsertar i lag med Kringkastingsorkesteret i Lørenskog og Oslo.

Konsertane med KORK vert på ingen måte Bernhofts første møte med klassisk musikk. Austerrikaren Alban Berg (1885–1935) sin fiolinkonsert frå 1935 er noko av det han aller helst høyrer på:

– Eg er heilt hekta på Alban Bergs fiolinkonsert! fortel Bernhoft til NRK.no.

Fiolinkonserten var det siste verket Berg fullførte før han døydde. Det har undertittelen «Til minne om ein engel», og Berg skreiv det til minne om ei ung kvinne han kjende som døydde av polio.

– Dette er verkelig heilt fantastisk musikk. Historia rundt, som innheld både eit privat drama og utviklinga av tolvtonemusikken, bidreg til å gjere det til ein av fjelltoppane mine i det høgkulturelle landskapet.

Les: – Dette stykket inneheld essensen av all musikk

Sonens første konsert

Bergs musikk evnar også å gripe dei aller yngste, ifølgje Bernhoft:

– Ei framføring av denne var den første konserten eg tok med sonen min på, då han var eit halvt år gammal. Det var heilt fantastisk å oppleve korleis han responderte på dei forskjellige delane – han fikk eit heilt nydeleg fjes under den spinkle opninga, og han tok heilt av då det vart litt «bombom».

Her kan du høyre den spinkle opninga av konserten:

I starten av den andre satsen vert det litt «bombom»:

(Spelt av Anne-Sophie Mutter og Chicago Symfoniorkester dirigert av James Levine)

Prøvde å imitere Bartók i poplåtar

Ungarske Béla Bartók (1881–1945) sin «Konsert for orkester» er ein annan av Jarle Bernhofts favorittar:

– Ei stund var eg ein så stor fan av Bartók at eg prøvde å bruke den satsmessige bogeforma hans i poplåtar. I «Konsert for orkester» heng 1. og 5. sats saman, og 2. og 4., medan midtsatsen står for seg sjølv.

Eksperimenta var ikkje udelt vellukka, hugsar låtskrivaren:

– Det vart merkelege greier, men eg er glad eg prøvde det ut. Det mest vellukka som kom ut av det var ein låt med ørkenvandring som tema, der intensiteten kunne teiknast med ein graf med kamelform. Søte ungdomstid ...

Her kan du høyre sistesatsen frå Bartóks «Konsert for orkester»:

(Spelt av Chicago Symfoniorkester dirigert av Pierre Boulez)

– Turandot drog meg heilt baklengs inn i fuglekassa

Jarle Bernhoft vaks opp med ein far som var songar i Operaens kor, og dermed fekk unge Jarle sjå mykje opera.

– Det meste synest eg med skam å melde berre er dall, men «Turandot» av Puccini drog meg heilt baklengs inn i fuglekassa, seier han.

Sjølv dårlege songarar kunne ikkje øydeleggje Giacomo Puccini (1858–1924) sin siste opera for Bernhoft:

– Turandot stod for den sterkaste operaopplevinga eg nokon gong har hatt. Eg har sjeldan opplevd at musikk og libretto har vore så samstemt, og det sterkeste var at operaen ikke verka å vere i stand til å skjemmast ut av middelmådige songarar, om dei skulle dukke opp.

Høyr opninga av «Turandot»:

(Frå liveopptak frå Beijing, med Maggio Musicale Fiorentino kor og orkester dirigert av Zubin Mehta)

– Får kick av musikk skrive nær vår eiga tid

Jarle Bernhoft er glad i rekviem, eller dødsmesser som dei også vert kalla. Ungararen György Ligeti (1923–2006) sitt «Requiem» frå 1965 er favoritten, så vidt framfor Benjamin Brittens «War Requiem».

– Då eg gjekk på musikklinja, hadde vi eit lengre prosjekt med musikk til død og forderving. Då forstod eg at eg mykje lettare får kick av musikk skrive nær vår eiga tid. Rett nok inneheld Ligetis verk noko som liknar gregoriansk song, men det er kverna gjennom eit moderne masseøydeleggingsvåpen. Heldigvis vert det stundom vakkert.

Her kan du høyre andresatsen frå Ligetis Requiem:

(Framført av Berlin-filharmonien og London Voices dirigert av Jonathan Nott)

Les: Han skriv dødsmusikk som gjer livet lettare