Hopp til innhold

Held på augneblinken før skjelvet

Skremmande realistisk science fiction, Murakami-noveller om traumatiske augneblinkar og Pokémon-figurar som spår katastrofar. Sjå korleis livet med jordskjelv-truslar har påverka japansk kunst, litteratur og film.

Den store bølgen ved Kanagawa - 神奈川沖浪裏

Det berømte tresnittet Den store bølgen ved Kanagawa ble publisert i 1832. Det er lite truleg at kunstnaren hadde tsunami i tankane då han lagde biletet.

Foto: Tresnitt av Katsushika Hokusai Library of Congress

Klokka 06.46 norsk tid, fredag 11. mars 2011, rista jorda atter ein gong Japan.

– Den viktigaste måten den japanske kulturen har behandla denne trusselen på, er ikkje å skildre den direkte, men å fokusere på augneblinken, at alt er så skjørt og usikkert, seier Ika Kaminka, norsk oversettar av Haruki Murakami .

I den augneblinken bakken byrjar å svikte under deg, får du eit anna alvor. Difor er det i japansk kultur eit veldig fokus på venleiken som er her no, men som ikkje er varig.

Ika Kaminka

«Etter skjelvet»

Etter skjelvet

'Etter skjelvet' er oversatt av Ika Kaminka til norsk og gitt ut på det norske forlaget Pax.

Foto: Pax

I januar 1995 vart den japanske millionbyen Kobe ramma av jordskjelv. Mellom fem og seks tusen menneske omkom, titusenar vart skadde.

Fleire litteraturkritikarar har samanlikna det som skjedde med det japanske kulturlivet etter dette skjelvet, med endringa i det amerikanske kulturlivet etter 11. september.

Den verdskjende forfattaren Haruki Murakami kjem sjølv frå Kobe og skildrar i novellesamlinga «Etter skjelvet» vanlege menneske i kvardagen etterpå.

– Han er veldig opptatt av korleis ein traumatisk augneblink kan endre eit heilt liv. Han kretsar om jordskjelvet i Kobe og ser på ringverknadane av det, seier Kaminka, som står bak den norske oversettinga av novellesamlinga.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Den traumatiske augneblinken

Haruki Murakami

Haruki Murakami

Foto: Michal Cizek / Scanpix/AFP

– Det kan vere så indirekte som at ei dame sit og ser på TV-nyheitene om jordskjelvet i fem dagar. Så går ho frå mannen sin. Ho blir medviten om kor flyktig livet er, og jordskjelvet gir henne eit spark i baken til å gjere noko med livet, seier Murakami-oversettaren.

Haruki Murakami budde ikkje sjølv i Kobe på tidspunktet då jordskjelvet ramma byen, men det er uvisst om familien hans vart råka av tragedia.

Forfattaren er svært mediesky og snakkar ikkje mykje om seg sjølv.

Skriv om tsunamibølgje

I «Den sjuende mannen» i novellesamlinga «Blindepile og den sovende kvinnen» (2009) skriv Murakami om to kompisar som vert råka av ei tsunamibølgje. Den eine ser bølgja kome og byrjar å springe, men klarer ikkje å gje beskjed til kameraten før det er for seint. Han reddar seg bak ein stein og bølgja hoppar over den, men når han ser utover stranda igjen er kameraten vekk.

Murakami skildrar i denne novella korleis tsunamibølgja og minna om kameraten følgjer hovudpersonen gjennom resten av livet.

(Artikkelen held fram under biletet)

JAPAN/

17. januar i år markerte innbyggjarane i Kobe at det var 16 år sidan det store jordskjelvet. Knappe to månader etterpå vart Japan ramma av eit enda større jordskjelv.

Foto: KYODO / Reuters

Skjelv gav opphav til ny biletsjanger

Det finst få døme på biletkunst med jordskjelv eller tsunami som motiv.

– Biletkunsten handlar ofte om å vise det som ikkje kan bli vist på nokon annan måte. Kunsten eignar seg kanskje ikkje best til å fortelje om katastrofar, det har ein aviser og andre medier for. Biletkunsten vil ofte nærme seg det traumatiske indirekte, velje ut ei kjensle og lage ei anna type fortelling, meiner Kaminka.

The world sinks except Japan

'The world sinks except Japan' parodierer boka og filmen 'Japan sinks'.

Foto: imdb.com

I 1855 rysta eit kraftig jordskjelv Edo, som Tokyo heitte på det tidspunktet. Det gav liv til ein ny biletsjanger, for i ettertid dukka det opp tresnitt-bilete med kjempefisken Namazu som motiv.

Det er ein skapning frå japansk mytologi som forårsakar jordskjelv. Han lever i gjørma under bakken og blir vokta av guden Kashima.

Jordskjelv i Pokémon

Professor Arne Røkkum ved Kulturhistorisk museum trur bileta vart produsert anonymt, men seier det i seg sjølv er interessant at ei naturkatastrofe gav opphav til ein motiv-sjanger.

Ut av denne kjempefisken er det også kome ein Pokémon-figur. Whiscash er ein blå fisk med stor kjeft, som kan skape sine eigne jordskjelv og forutsjå ekte jordskjelv.

Den har vore med i fleire Pokémon-episoder, inkludert ei som aldri vart sendt fordi den inneheldt jordskjelv-scener, som Japan nettopp var råka av.

(Artikkelen held fram under biletet)

JAPAN-QUAKE

11. mars vart Japan igjen råka av jordskjelv og tsunami. Her frå øya Kesennuma.

Foto: DAMIR SAGOLJ / Reuters

Skremmande likt røynda

Det kanskje mest openberre dømet på jordskjelv-litteratur er skrive av Sakyo Komatsu , den mest kjende science fiction-forfattaren i Japan. Han brukte ni år på boka « Japan Sinks », som kom ut i 1973.

Japan sinks

Science fiction-romanen 'Japan sinks' har ei høg litterær stjerne i Japan, og er filmatisert fleire gongar.

Foto: amazon.com

Boka handlar om ei gruppe vitskapsmenn som spesialiserer seg i seismiske rørsler og jordskjelv, og finn ut at Japan kjem til å synke under havet om nokon månader. Den japanske regjeringa med statsministeren i spissen får det travelt med å få FN-landa til å ta imot flyktningar frå Japan før datoen då landet skal gå under.

Boka har vunne fleire japanske litteraturprisar og er ein bestseljar. Etter jordskjelvet i 1995 vart den gitt ut på nytt i ei forkorta engelsk utgåve.

– Boka er desverre ikkje langt frå sanninga, og kjem definitivt til å få meir merksemd framover. Kanskje får dette jordskjelvet litteraturkritikarar til å sjå med større interesse på science fiction-litteratur, seier Reiko Abe Auestad, professor ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk, Universitetet i Oslo.

– Parodiserande haldning

JAPAN-QUAKE

Eit maleri ligg igjen på bakken etter at tsunamien ramma ei lita bygd ved Onagawa i mars. Leitemannskap i bakgrunnen.

Foto: TOSHIFUMI KITAMURA / Afp

Professoren fortel at Komatsu skal ha gjort grundig forarbeid og samarbeida med geologar for å gje eit så korrekt og realistisk bilete som han kunne av jordskjelvet.

«Japan sinks» er blitt filmatisert fleire gongar og parodiert i filmen «The world sinks except Japan».

Filmparodien set biletet på hovudet og karikerer andre nasjonar, med USA i spissen, som tryglar Japan om å ta imot flyktningane deira. Dei som er heldige nok til å flytte til Japan må lære seg å snakke japansk, inkludert tidlegare Hollywood-stjerner og den amerikanske presidenten.

– Det vitnar om ei postmodernistisk parodiserande haldning. Til og med ting som skal bli tatt alvorleg, kan bli forvandla til noko morosamt. Kanskje er vi japanarar spesielt flinke til å gjere noko ut av desperate situasjonar, seier Abe Auestad.

Det er viktig for japanske forfattarar å skrive om jordskjelvet. Det er ei utfordring vi må overleve.

Reiko Abe Auestad

Snakkar lite om kjensler

Filmregissøren Akira Kurosawa viser ikkje naturkatastrofar direkte i filmane sine, men har uttalt i fleire intervju at han er sterkt prega av å ha sett jordskjelvet i 1923 i Kanto.

Kurosawa vart tvinga av bror sin til å gå rundt i byen etter skjelvet og sjå på øydeleggingane. Filmekspertar hevdar å finne liknande tema i filmane hans, mellom anna i «De syv samuraier», men altså indirekte.

– Japanarar snakkar lite direkte om kjensler, det blir sett på som nesten litt vulgært, og det gjeld i kunsten også. Men skjelvet som var nyleg kjem til å nedfelle seg i litteraturen på eitt eller anna vis, trur Ika Kaminka.

Reiko Abe Auestad presiserer at det å ta for seg traumatiske opplevingar i kunst og kultur ikkje er noko særskilt for Japan.

– Alle forfattarar og kunstnarar tar tak i korleis slike opplevingar verkar inn på oss som menneske, seier ho.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP