Eit eige album, sett saman frå dei to albuma Holm har gjeve ut, er sett saman med tanke på japanske platekjøparar. Albumet har fått tittelen "Seven days in the sun" og inneheld 11 songar. På plata har Holm og gjort ein heilt ny akustisk versjon av Neil Youngs “Cortez the Killer” saman med Martin Hagfors.
Suksessår
Klarer Askil Holm å nå igjennom også i Japan klarer han det mange andre norske artistar har gjort før. Både TNT, Cato Salsa, Ephemera, A-ha, Trine Rein og ikkje minst Lene Marlin har hatt stor suksess i Japan.
Sjølv utan suksess i Austen kan Holm sjå tilbake på eit hektisk år med ein lang og hektisk turne. I tillegg til debutalbumet som vart gjeve ut tidleg i år, har han og vore representert i Zwarts storfilm ”Agent Cody Banks” og i Thomas Giertsen filmen ”Kvinnen i mitt liv” som no er sett av over 200 000 i Noreg.