NRK Meny

Kulturstrøm

  • Ingen pris til Sigrid

    Ålesund-jenta Sigrid Raabe var nominert i kategorien Push Artist of the Year under MTV Music Video Awards, men nådde ikkje heilt opp. Vinnaren i denne klassen vart Hayley Kiyoko, skriv VG.

    Sigrid Raabe på Øyafestivalen 2017
    Foto: Tom Øverlie, NRK
  • Grande vann popprisen

    Ariana Grande med sin song «No Tears Left To Cry» har vunne popprisen under MTV Video Music Awards i natt. Det melder USA Today. Cardi B, Bad Bunny and J Balvin med «I Like It» har vunne kategorien for beste sommarsong.

    Ariana Grande
    Foto: Andrew Harnik / AP/NTB/Scanpix
  • Baron Cohen ute i hardt vêr igjen

    Fleire amerikanarar vuderer å saksøke komikaren Sacha Baron Cohen for å ha lurt dei i den nyaste TV-serien sin «Who is America». Ein av dei er republikanaren Jason Spencer som sa opp jobben sin i Representanenes hus etter at Cohen fekk han til å banne og blotte rompa si i serien. Juridiske ekspertar som NY Times har snakka med meiner saksøkarane har lite å stille opp med, og at Cohen har sikra seg mot søksmål gjennom kontraktene dei medverkande har skrive under på.