Hopp til innhold

Jan Fredrik Karlsen

Jan Fredrik Karlsen var gjest i Stjerneklart 4. april.

Jan Fredrik Karlsen
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Jan Fredrik Karlsen er født 17.juni 1973 i Slemmestad i Røyken kommune. Han er son av Tove Karlsen og Rolf Karlsen og vaks opp saman med to yngre søstre, Lena og May Helen.

Karlsen er barnebarn av tidlegare NRK-journalist Jan P Jansen, som saman med Erik Tandberg blei kjende då dei kommenterte månelandinga til Apollo 11 på NRK i 1969

Starta karriera tidleg

Etter vidaregåande skule i Røyken, byrja Karlsen i platebransjen. Etterkvart byrja han å arbeida som manager, og jobba med artistar som Sissel Kyrkjebø og Lene Marlin. Han blei og kjend med countrysongar Willie Nelson, og i 1996 fekk han for fyrste gong besøka han i Texas.

Tv-karriera

Karlsen blei kjend for tv-sjåarar i 2003, då han var dommar i den fyrste utgåva av programmet Idol på TV2. Der var han og dommar i 2004 og 2007. Våren 2008 og 2009 var han ein av dommarane i ”Norske Talenter” og etter det var han to gonger dommar for ”X-Factor,” på same kanal.
I fjor fekk Karlsen sitt eige program på TV2.”Lurt av Karlsen” er den norske utgåva av MTV-sitt program ”Punk`d”


Til dagleg driv Karlsen firmaet Playroom saman med Jens Kristian Nesse Han er manager for mellom ana Kurt Nilsen, som vann Idol 2003, og Alejandro Fuentes, som kom på 3.plass i Idol 2005.


Karlsen er deltidspappa for William på 8 år og Felicia på 5,5 år, som han har frå to tidlegare forhold. Han bur i Oslo.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)