Hopp til innhold

Ber heile Storbritannia om unnskyldning

James Murdoch vil bruka helga til å be om forlating for overvåkingsskandalen.

James Murdoch
Foto: Rafiq Maqbool / Ap

News Of The World

Siste utgåva av News of the World, som kom ut søndag 10. juli.

Foto: IAN NICHOLSON / Afp

News International kjem denne helga til å setja inn fullsiders annonser i alle nasjonale aviser i Storbritannia.

Der skal selskapet be om orsaking for overvåkingsskandalen som har eskalert dei siste vekene.

Nyheita kjem i ei pressemelding frå James Murdoch, styreformann i News International.

Den kom timar etter at det vart klart at Rebekah Brooks trekk seg som administrerande direktør i selskapet.

News International eigde skandaleavisa News of the World, som vart lagt ned på søndag.

Usikker framtid

James Murdoch har fleire framtredande posisjonar innan News Corporation, morsselskapet til News International.

Han er forventa til å ta over medieimperiet etter faren Rupert Murdoch, som har runda 80 år.

Tidlegare denne veka fortalde Thomas Spence, leiar i Norsk Journalistlag, at framtida til James Murdoch er truga.

– James Murdoch kjem til å bli belasta med News of the World-skandalen. Det er usikkert om James har den tilliten han treng for å kunna ta over etter faren, sa Spence til NRK.no.

Må stå skulerett

Komande tysdag er det venta at Rebekah Brooks, Rupert og James Murdoch må stå skulerett framfor komiteen for kultur, media og sport i det britiske Underhuset.

I pressemeldinga lovar James Murdoch at han og faren skal stilla i komiteen, og at dei vil visa «besluttsomheit i å få retta opp i ting».

Tidlegare i dag sa Labour-leiar Ed Miliband at det ikkje er nok at Rebekah Brooks går av.

– Dette handlar ikkje om eit individ, men om ein organisasjonskultur, sa han ifølgje the Daily Telegraph.

Miliband vil at også Rupert Murdoch skal be om unnskyldning for at uskuldige har fått telefonen sin hacka.

Rupert Murdoch har tidlegare sagt at News Corporation har takla krisa «ekstremt bra».

– Når Rupert Murdoch kjem til underhuset neste veke, forventar folk at han tek ansvar og seier unnskyld for den illegale aktiviteten som har skjedd innanfor organisasjonen hans, sa Miliband.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober