NRK Meny
Normal

James Murdoch blir skulda for løgn

– James Murdoch laug i parlamentshøyringa då han sa at han ikkje kjende til telefonavlytting, hevdar to tidlegare News International-tilsette.

James Murdoch

James Murdoch blir skulda for løgn. To tidlegare News International-tilsette hevdar at han kjende til ulovleg avlytting så tidleg som i 2008.

Foto: Sang Tan / Ap

Labourpolitikar Tom Watson vil la politiet etterforske om James Murdoch snakka sant i høyringa i Parlamentet på tysdag, der han og far hans, Rupert Murdoch, forklarte seg om avlyttingsskandalen. To tidlegare tilsette i News International hevdar at han laug om at han ikkje kjende til telefonavlytting.

Les: Mann angrep Rupert Murdoch med barberskumkake

I Parlamentet nekta James Murdoch for at han kjende til ein e-post om at hacking var utbreidt i News of the World. I e-posten frå 2008 skal det også vere nemnt ei utbetaling til eit avlyttingsoffer, melder nyheitsbyrået AFP.

Les alt om avlyttingsskandalen

Colin Myler, tidlegare News of the World-redaktør, og Tome Crone, eks-etikksjef i News International, sa i ei pressemelding torsdag at Murdochs forklaring var feil.

Murdoch står ved forklaringa

Tom Watson, som leia parlamentshøyringa, vil sende opplysningane vidare til Sue Akers, sjef for politietterforskinga, ifølgje BBC.

På tysdag fortalde Murdoch at han ikkje visste om e-posten frå 2008, som autoriserte ei utbetaling til Gordon Taylor, sjef i Professional Footballers' Association, som hadde blitt utsatt for telefonavlytting.

– Eg står ved forklaringa eg ga i høyringa, sa Murdoch torsdag kveld i ei pressemelding.

Han har sagt ja til å gi vidare skriftlege forklaringar på spørsmåla som komitéen ikkje rakk å stille i høyringa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Britain Phone Hacking

Tom Watson spurte Rupert og James Murdoch tøffe spørsmål under parlamentshøyringa tysdag. Han vil la politiet etterforske om James Murdoch snakka sant.

Foto: Ap

Cameron: – Murdoch må svare

Fleire journalistar i avisene i Murdoch-imperiet News International skal ha hacka seg inn på telefonane til kjendisar, kongelege, pårørande til Afghanistan-soldatar og terrorofre.

Statsminister David Cameron, som sjølv er i hardt veir når det gjeld avlyttingsskandalen, meiner James Murdoch må svare på fleire spørsmål.

Les: – Jeg burde ikke ansatt Coulson

– James Murdoch har fleire spørsmål å svare på i Parlamentet og eg er sikker på at han vil gjere det. News International har store problem å ta tak i og eit rot å rydde opp, og det må bli gjort av leiinga i selskapet, seier Cameron til BBC.

Mr. Watson, parlamentsmedlem for Labour, meiner dette er eit gjennombrot i avlyttingsskandalen.

– Dersom Myler og Crone har rett, viser det at James Murdoch kjente til at fleire var involvert i hacking så tidleg som i 2008 og at han ikkje tok affære eller starta etterforsking. Det vil i så fall undergrave Rupert Murdochs forklaring til komitéen om at selskapet har nulltoleranse overfor lovbrot, seier han til BBC.

Les: Slik styrer Murdoch mediebransjen

Les: Murdoch har klokkertro på eget selskap