NRK Meny
Normal

Boikottar Cannes grunna satire

Den italienske kulturministeren droppar filmfestivalen i Cannes på grunn av ein film som set Berlusconi i eit dårleg lys.

Sabina Guzzanti

Sabina Guzzanti i L'Aquila i 2009. Her utkledd som statsminister Berlusconi i ein protest mot styresmaktene.

Foto: TIZIANA FABI / AFP

Sandro Brodi, kulturminister i Italia, har takka nei til invitasjonen til Cannes filmfestival som byrjar onsdag 12. mai. Årsaka er at filmfestivalen viser ein film som på satirisk vis kritiserer måten statsminister Silvio Berlusconi handsama jordskjelvkatastrofen i L’Aquila i 2009 på, melder politiken.dk .

- Filmen er propaganda som fornærmar sanninga, og heile det italienske folket, skal kulturministeren ha sagt ifølgje BBC News.

Sabina Guzzanti

Sabina Guzzanti

Foto: RICCARDO DE LUCA / AP

Det er komikaren Sabina Guzzanti som har regissert filmen «Draquila –L'Italia che Trema» («Draquila – Italia skjelv»), som kulturministeren reagerer på. I etterkant av katastofen i L’Aquila i 2009 budde ho fleire månader i den jordskjelvråka byen, og såg nærare på måten styresmaktene tok seg av gjenoppbygginga av byen.

Ho hevdar at Berlusconi brukte jordskjelvet først og fremst til å styrke sin eigen popularitet, og at bebuarane fekk liten påverknad på korleis byen vart bygd opp att.

Også tidlegare har Sabina Guzzanti hamna i trøbbel hjå dei italienske styresmaktene. I 2003 vart det politiske satireprogrammet ho jobba i, saksøkt av Berlusconi, og til slutt teke av skjermen.

At kulturministeren ikkje vil reise til Cannes, har fått den politiske opposisjonen i Italia til å krisitsere regjeringa for å vere intolerant for satire og ytringsfridom.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.