Hopp til innhold

Kringkastingsrådet med krass kritikk mot Israel-tirade

Eit samla Kringkastingsråd reagerte kraftig på eit innslag i programmet «Shaun» på NRK P13, der programleiaren kom med ein tirade mot Israel på direkten. Underhaldningssjef Charlo Halvorsen beklaga, og sa delar av innslaget var antisemittisk.

Julie Brodtkorb

Leiaren i Kringkastingsrådet, Jule Brodtkorb, reagerer på innslaget som blei sendt i programmet «Shaun» på P13. Eit samla råd gav torsdag NRK krass kritikk for innslaget, og sa at dette ikkje er noko som skal skje frå NRKs side.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Tiraden programleiar Shaun Henrik Matheson kom med mot Israel i programmet «Shaun» på NRK P13 i førre veke, har skapt reaksjonar.

Innslaget kom i forbindelse med omtalen av nyheita om at den israelske massevaksinasjonen viste at vaksinen truleg også hindra spreiing av koronaviruset.

Matheson prøvde å sette denne suksessen opp mot måten palestinarar har blitt behandla på under pandemien, men mange meinte han enda opp med å stigmatisere jødar.

Det kom i alt 527 klager til Kringkastingsrådet mot programmet. Det førte til ein lang diskusjon på rådets første møte i år.

Grov bom

I programmet «Shaun» er det meininga at programleiaren skal vere subjektiv og spissformulert og dagsaktuelle tema, fortalde underhaldningssjef i NRK, Charlo Halvorsen, i innleiinga til behandlinga i rådet.

Men denne gongen gjekk det for langt.

– Deler av innslaget var dessverre innanfor definisjonen antisemittisk. Dette beklagar vi sterkt, sa han.

Charlo Halvorsen

Underhaldningssjef i NRK Charlo Halvorsen sa at delar av innslaget var innanfor definisjonen antisemittisk. Dette beklagar han, og seier NRK skal ta lærdom av hendinga.

Foto: Kristian Rostad

Han sa at NRK tok raskt grep og beklaga innslaget, som blei fjerna frå nettradioen same ettermiddag. Halvorsen sa også at Matheson beklaga innslaget i programmet dagen etter. Han sa også at redaksjonen hadde tatt lærdom av dette.

Rådsleiar Julie Brodtkorb sa det var bra NRK la seg så flat som dei gjorde, og meinte innslaget var ein grov bom av allmennkringkastaren.

– Eg har registrert korleis det har blitt beklaga. Men dette reagerte eg sterkt på. Det er kanskje det programmet vi har hatt oppe i rådet, eg har reagert sterkast på, sa ho.

Krass kritikk

Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk var også glad for at NRK-leiinga handla raskt. Men han meiner det gjekk for lang tid før NRK-leiinga i klartekst sa kva dei beklaga, at innslaget var rasistisk.

– Eg har sakna, inntil no, at ein seier klart ifrå at det var dehumaniserande og i direkte konflikt med NRKs grunnlagsdokument, der det blir slege fast at alle menneske har lik verdi.

Prinsesse Märtha Louise og sjaman Durek

Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk kom med krass kritikk mot innslaget på NRK P13. Han bad også leiinga i NRK merke seg at klagene denne gongen også kom frå folk som vanlegvis ikkje reagerer på dekninga av Israel i NRK.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Han sa at innslaget ikkje var kritikk mot Israels regjering, men ei stigmatisering og demonisering av det jødiske folket. Han peika også på at klagane mot innslaget kom frå eitt breitt lag av folket, og ikkje berre Israel-vennar.

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen sa at dei kunne ha gått ut tidlegare med ei konkretisering av kva NRK beklaga og reagerte på, men at han meinte behandlinga i Kringkastingsrådet var eit passande høve.

Sjeldan innslag blir fjerna

Tove Karoline Knudsen meinte innslaget kryssa ei grense som ikkje skal kryssast, og var glad for at NRK-leiinga beklaga så raskt, og at innslaget blei teke av.

– Vi skal hugse på at det jødiske folk blir forfølgd og trakassert også i dag, og særleg i slike samanhengar verkar dette så mykje sterkare og mykje meir grotesk.

Rådsmedlem Trude Drevland reagerte også på innslaget, men meinte det var problematisk at NRK sletta den delen av sendinga frå nettradioen.

– No diskuterer vi noko som vi ikkje kan gjere oss opp ei oppfatning om. Men da eg såg transkripsjonen av det som var sagt, trudde eg ikkje det var mogleg. Og etter å ha høyrt opptaket, er eg sjokkert.

Per Arne Kalbakk

Etikkredaktør Per Arne Kalbakk seier NRK valde å redigere bort innslaget, og legge inn ein merknad i nettradioen, fordi innslaget var i strid med grunnleggande verdiar.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Etikkredaktør Per Arne Kalbakk sa at det skulle vere ein høg terskel for å ta bort publiserte innslag. Men dersom det blir publisert innslag og opplysingar som ikkje er rett eller kan vere til skade, må ein vurdere om det er rett at slikt innhald ligg ute.

– Dette skjer ikkje ofte, men det skjer av og til. Og når vi tok bort dette innslaget frå programmet, blei det også lagt inn ein merknad om kvifor vi har valt å redigere noko bort.

Vanskeleg Midtausten-dekning

Rådsmedlem Ove Vanebo åtvara NRK mot å bli oppfatta som ein aktør i Midtausten-konflikten. Han meiner innslaget på P13 er eitt av fleire innslag på NRK der ein har via Israel stor merksemd, og som kan skape eit inntrykk av at NRK har teke side.

– Dersom vi ser prinsipielt på det, går dette i stor grad på NRKs truverd. Dersom det er ei massiv overdekning av overtramp gjort av Israel, og det blir kopla opp mot det jødiske folket, er eg uroa for at NRK blir oppfatta som ein aktør snarare enn ein nøytral formidlar.

Vanebo

Rådsmedlem Ove Vanebo meiner det til tider er ei massiv overdekning av Israel i NRK, og åtvarar mot at det kan gå på truverdet laus.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Nestleiar i Kringkastingsrådet, Torgeir Uberg Nærland, seier det er naturleg at NRK i omtalen av Israels vaksinesuksess også set dette opp mot tilhøva i områda rundt, som i Palestina.

– Men i dette innslaget kom det ut i ei form som er heilt uakseptabel.

Kringkastingssjefen sa at dekninga av Midtausten er noko som alltid skaper debatt, og viste til at det førre Kringkastingsrådet hadde ein gjennomgang av NRK si dekning av Midtausten.

– Konklusjonen den gong var at NRK klarte å balansere dette. Ein slik gjennomgang tar vi gjerne igjen. Men eg trur ikkje det er mogleg å love at vi skal dekke dette området utan at det blir diskusjon og synspunkt.

Rådsleiar Brodtkorb samanfatta debatten med at rådet ofte er rause på med at det kan skje feil på lufta når ting går direkte.

– Men denne klagen, og det vi no har behandla, er rett og slett noko som ikkje skal kunne skje frå NRKs side. Og det er også den klare beskjeden frå eit samla råd.

Resett-debatt

Rådet fekk også inn over 100 klager på at Resett-redaktør Helge Lurås blei invitert til Debatten for å debattere Donald Trump mot Raudt-politikar Mimir Kristjansson.

Redaktør i nyheitene i NRK, Knut Magnus Berge, sa at dei visste at det deltakinga ville vekke reaksjonar, og at redaksjonen difor brukte tid på å finne den rette settinga.

NRK fekk støtte frå blant andre rådsleiar Julie Brodtkorb, som meinte det var rett av NRK å ha ei breidde i kven som blir invitert til Debatten.

– Eg er meir redd for at det blir dei same som går igjen på ein såpass stor debattplattform, sa ho.

Bushra Ishaq, lege, forfatter og forsker, var gjest i Drivkraft.

Forfattar og rådsmedlem Bushra Ishaq meiner det var problematisk at Resett-redaktør Helge Lurås blei invitert til Debatten.

Foto: NRK

Medan lege og rådsmedlem Bushra Ishaq meinte det var feil å invitere Lurås.

– Problemet mitt handlar om retninga NRK går når redaktøren rettferdiggjer ikkje berre Resett, men også aktørar som Document.no, på bakgrunn av heilskapen i det desse formidlar og verdigrunnlaget desse står for, sa ho.

Ho opplyste også at ho hadde opplevd å bli karakterisert som «kjent islamist» på nettsida til Document.no, etter at ho hadde delteke i debattar i NRK.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.