Hopp til innhold

Island til ESC-finalen – Finland er ute

TEL AVIV (NRK): Hellas, Kviterussland, Serbia, Kypros, Estland, Tsjekkia, Australia, Island, San Marino og Slovenia går vidare til finalen i European Song Contest (ESC) laurdag frå første semifinalen.

Denne var best i kveld, meiner meldaren til NRK. Og Australia gjekk vidare til finalen.

Dermed er Finland ute av konkurransen saman med Montenegro, Polen, Ungarn, Portugal, Belgia og Georgia.

NRKs programleiar Olav Viksmo Slettan sa dette om finalistane i kveld:

– Dette var som ein godtepose. Søtt, salt og syrleg, noko for ein kvar smak. Og det gjekk som venta med favorittane, seier han.

Glitter og stas

Olav Viksmo Slettan

– Alltid triveleg å møte hyggjelege folk, seier NRKs programleiar Olav Viksmo Slettan.

Foto: NRK

Semifinalen tysdag kveld var prega av glitter og stas, fantasifulle, outrerte kostyme og forrykande song og musikk. NRKs kritikar Marit Johansen Jegthaug var over seg av begeistring for det australske bidraget og trilla seks på terningen.

Ho meiner at Kate Miller-Heidke tok det visuelle til heilt nye høgder med Zero Gravity. – Ho smyg seg innom både opera og house, som kulminerer i noko ekstatisk med mykje dingling på stong i monitor, heiter det blant anna.

Det islandske bidraget Hatrið Mun Sigra med Hatari får terningkast fire av NRKs meldar. Her var det lakk og lær og meir til. Jegthaug konkluderer med at det var eitt eller anna som gjer at ho kryssar fingrane for at dei gjekk vidare til finalen laurdag.

Karane i Hatari seier til NRK etter semifinalen at dei aldri var i tvil om at dei kom til å gå vidare, og at alt gjekk etter planen.

–- Vi vil takke alle mødrer, bestemødrer, stemødrer, tanter og onklar for at vi gjekk vidare. Vi er fulle av varme tankar, seier dei.

– Vakraste sceneshow

Desse fekk også terningkast fire av NRK-meldaren: Belgiske Eliot med Wake Up, Katerine Duska frå Hellas med Better Love og Lake Malawi frå Tsjekkia med Friend of a Friend. Belgia gjekk altså ikkje vidare til finalen.

Hellas hadde det vakraste sceneshowet, ifølgje Marit Johansen Jegthaug. Hellas er rekna som ein av storfavorittane.

Dette var første semifinale. Andre semifinale går torsdag, og då skal også Noreg delta med gruppa Keiino med låten Spirit in the Sky.

26 land skal delta i finalen laurdagskvelden. Seks land er direkte kvalifiserte, vertslandet Israel og dei som blir rekna som dei fem store, Frankrike, Italia, Spania, Storbritannia og Tyskland.

Kvart land stiller med ein fagjury, og i tillegg kjem telefonrøystene frå TV-sjåarane.

Dette meiner NRK om finalelåtane

Sjå innslaga som gjekk vidare i tillegg til Australia.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP