Hopp til innhold

Isdronningen

Den amerikanske suksessforfattaren Alice Hoffman er ute på norsk med eit nytt eventyr om det kaotiske livet.

Hoffman er ikkje den typen som gjer det lett for figurane sine. Ho let dei vere slavar av driftene, ho utset dei for den eine ulukka etter den andre, ho let dei sprelle i garnet. Kort sagt: Ho herjar med dei. Og slikt blir det bra litteratur av. Ikkje automatisk, men når Hoffman herjar, blir resultatet ofte vellukka.

Katastrofa råkar 

Den namnlause hovudpersonen gjer seg sine refleksjonar:

”Jeg var på feil sted til feil tid, men er det ikke sånn alle fortellinger begynner? Den fremmede som kommer til byen og skaper kaos. Mannen som tumler utfor et stup på bryllupsdagen sin. Kvinnen som går for å se ut av vinduet og får en kule eller en glassplint eller en blåhvit istapp tvers gjennom brystet. Jeg var et barn som trampet i bakken og kom med ett eneste ønske og utløste verdens ende- slutten på min verden, i alle fall.” (s. 3)

Det forteljaren siktar til, er den dagen for lenge sidan då mor hennar skulle ut på byen og feire 30-årsdagen sin. Den åtte år gamle jenta likte ikkje at mor gjekk, og ropte etter henne at ho ønska ho aldri fekk sjå henne att. På vegen til byen skjer det ei trafikkulukke, mor døyr , og den vesle jenta lærer at du skal vere forsiktig med å ønske deg noko. Ho frys ned alle kjensler og går temmeleg usynleg gjennom livet, heilt til ho blir oppsøkt av eit kulelyn og snublar inn i eit menneskeleg fellesskap: Dei som er ramma av lynet møtest nemleg regelmessig for å utveksle plager og historier. Det er så gale at ein må le, og Hoffman utstyrer hovudpersonen sin med eit usentimentalt og vittig skråblikk.

Isdronningen

Eventyrleg logikk

Som tittelen ”Isdronningen” hintar til, spelar eventyr ei stor rolle i romanen. Vi er altså inne i eit univers med klare motsetningspar og tydelege figurar. Og når isdronninga omsider finn ein å elske, er han naturlegvis så eldfull og glødande at all berøring må skje i kulde. Eventyret kulminerer når ho bryt løftet om at dei alltid skal elske i mørkret og smuglar eit lys inn på badet der badekaret er fylt av isvatn og klart for heite famntak.

Og som Kvitebjørn kong Valemon og andre som helst vil ha det mørkt om natta, blir også denne karen mektig sint og historia tek ei vending.

Kva elskaren skjuler, skal ikkje røpast her. Men eventyret har sin logikk, der heltane må overvinne motstand og overliste fiendar før dei kan leve lykkeleg alle sine dagar. Dette står i skarp kontrast til det vår hardt prøvde heltinne erfarer, nemleg at katastrofane råkar tilfeldig og nådelaust og så blir alt berre verre.

Fornøyelege

Isdronninga lever livet sitt i spenninga mellom det meiningsfylte mønsteret i eventyret og det verkelege kaos livet byr på, men som kanskje berre er kaos for dei ein ikkje har oversikten. Slikt kan ein tumle med etter å ha lese den fornøyelege og grusomme historia om ei isdronning.

 

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP