Hopp til innhold

Skulle bruke sommaren på å spele for tusenvis

Isah og Dutty Dior skulle «surfe» vidare på suksessen som artistar, men korona sette ein stoppar. Det har ført til artistsamarbeid ein kan sjå fruktene av framover.

Isah på Stavernfestivalen

ENDRA PLANAR: – Me hadde så mykje planar, og så gjekk alt eigentleg i boset, seier Isah. Her frå konserten på Stavernfestivalen som vart strøyma på nett.

Foto: Jonathan Vivaas Kise / Stavernfestivalen

– Eg trur ikkje folk forstår kor mykje me har gleda oss til festivalane me skulle hatt i år, seier Isah, eller Kaleb Isaac Ghebreiesus som han eigentleg heiter.

Han og Dutty Dior, som eigentleg heiter Kristoffer Eriemo, skulle bruke sommaren på mellom anna å spele for tusenvis i publikum på Stavernfestivalen. Sommaren blei ikkje som dei hadde venta.

– Me hadde så mykje planar, og så gjekk alt eigentleg i søppelet, seier Isah.

– Det var «mad» antiklimaks, seier Dutty Dior.

– Me måtte berre bli kreative og finne andre ting å gjere på, seier Isah.

Isah og Dutty Dior på Stavernfestivalen

ANTIKLIMAKS: Sommaren vart ikkje som venta for Isah og Dutty Dior.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Sjå tre låtar frå Stavernfestivalen nedst i saka.

Frå prisdryss til heimesommar

Dei to vart booka til Stavernfestivalen som ein duo, men har tidlegare nekta plent på at dei er akkurat det. At namna deira blir kopla saman er likevel ikkje så rart. På P3 gull for 2019 stakk dei av med sigeren under kategorien «Årets låt» med låten «Hallo», og Isah fekk tittelen «Årets nykommer».

Publikum på Stavernfestivalen

FÅ I PUBLIKUM: Grunna korona var det avgrensa til 200 personar i publikum under Stavernfestivalen.

Foto: Jonathan Vivaas Kise / Stavernfestivalen

Heideren har ikkje latt vente på seg etter dette. Under Bylarm 2020 blei Isah kåra til «Årets stjerneskudd» og stakk av med eit stipend på «ein halv banan» som han kallar det, eller ein halv million, frå Norsk Tipping.

Spellemannsprisar vart det også, og Isah fekk pris i kategoriane «Urban» og «Årets gjennombrudd og Gramostipend».

Likevel er det eit anna høgdepunkt Isah trekker fram frå det siste året.

– Kadetten i fjor var kanskje høgdepunktet eg hadde, av alt som har skjedd. Det var første gong me stod på ein stor scene, der det var «vårt» publikum, og ein fekk kjensla av korleis det er å vere på den «andre sida» på ein festival, seier Isah.

Isah på Stavernfestivalen

HEIDRA: Isah har fått mykje heider for musikken sin, og han hadde gledd seg til festivalsommaren 2020. Her frå konserten på Stavernfestivalen som vart strøyma på nett.

Foto: Jonathan Vivaas Kise / Stavernfestivalen

Nokon festivalar blir det for dei to denne sommaren, likevel. Isah spelte på Palmesus, og konserten på Stavernfestivalen gjekk av stabelen med 200 personar i publikum.

– Det er jo kjipt at det blir sånn som dette, men det er alltid kjekt å spele. Me har ikkje gjort så mykje anna denne sommaren enn å vere heime og legge planar mot neste år, seier Isah.

Fleire prosjekt på gang

Koronatida har likevel gjort dei to produktive. For Dutty Dior har tida gått med på å vere mykje i studio. Dei to lovar fleire låtar der dei samarbeider, men også låtar som soloartistar. Dei har også hatt tid til kose seg i koronatida.

– Me har vore i Balestrand og kost oss der, seier Isah og stadfestar at det er snakk om eit samarbeid med Kjartan Lauritzen, eller Per Áki Sigurdsson Kvikne som han heiter.

Besøket i Balestrand i Vestland fylke kom ikkje ut av det blå. Kjartan Lauritzen, som mellom anna er kjent for låten «Fredag», hadde nemleg ein slags skrivecamp i heimtraktene sine i slutten av juni. Då inviterte han fleire kreative personar frå musikk- og medie-Noreg til hyttetur, blant anna gruppa Hester V75, bandet Lemaitre, med fleire.

– Eg har to låtar med Kjartan no, seier Dutty og spør Isah kva han fekk gjort.

Dutty Dior på Stavernfestivalen

PROSJEKT: Dutty Dior har brukt mykje tid i studio under koronanedstenginga, og seier det er fleire prosjekt på gang. Her frå konserten på Stavernfestivalen.

Foto: Jonathan Vivaas Kise / Stavernfestivalen

– Eg fekk ikkje gjort nokon ting, eg berre naut utsikta, svarer Isah og dei to legg ut om badeklubb, om å få ha sett hotellet til familien til Per, og om å ha fått møte far til Per.

Og Kjartan Lauritzen stadfestar at det er samarbeid på gang etter Balestrand-campen.

Kjartan Lauritzen

SAMARBEID: Kjartan Lauritzen stadfestar at han har laga to låtar med Dutty Dior, men når desse blir gitt ut er ikkje bestemt.

Foto: Rainer Kleive

– Det er enno uvisst, for det som skjedde var at alle song på det dei ville synge på, og i ettertid skal me bestemme om folk vil ha med sitt eller ikkje, seier Lauritzen og stadfestar at han har to låtar på gang med Dutty Dior.

– Melodien kjem først

Med tekstar som «Ja, hallo! Folk ringe for mitt blod. Grønt lys, og min bil går «zoom». Når du plinge meg: hallo! Ja, gjør det for mitt crew, aah. Alle plinge meg» er det freistande å spørje kva Isah og Dutty Dior ynskjer å formidle med musikken.

– Det er forskjellig bodskap i kvar song, men eg trur folk skjønar kvar energien kjem frå, seier Isah.

Han fortel om at han ofte «freestylar», syng på engelsk, og at det er flyten i melodien som ofte er viktig med det han vil formidle.

Kva kjem først, melodien eller teksten?

– Melodien kjem alltid først, seier Isah kontant.

– Det varierer. Kanskje me startar med melodien, eller kanskje me startar med bassen, trommene, ikkje sant, seier Dutty Dior.

– Absolutt, svarer Isah og nikkar.

Gjennom sommaren byr NRK på noko av det beste frå festivalane som blir arrangert. Sjå alle opptaka i NRK TV. Tre låtar frå Stavernfestivalen får du her:

«Drukne» med Isah

Isah fremfører "Drukne" på Stavernfestivalen 2020

Isah framfører låten «Drukne» under Stavernfestivalen 2020.

«Status» med Dutty Dior

 Dutty Dior fremfører låta "Status" under Stavernfestivalen 2020

Dutty Dior framfører låten «Status» under Stavernfestivalen 2020.

«Kunstig» med Oscar A.

Oscar A framfører låten Kunstig på Starvernfestivalen 2020.

Oscar A framfører låten Kunstig på Starvernfestivalen 2020.

Anbefalt vidare sjåing:

Isah og Dutty Dior var gjester i NRK-programmet «Kulturstripa» 6. mars 2020.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.