Iram Haq nominert til verdas største filmpris

Filmen «Hva vil folk si» av Iram Haq er nominert til Dragon Awards for beste nordiske langfilm. Prisen er på ein million svenske kroner, og blir delt ut under avslutninga av filmfestivalen i Gøteborg.

Iram Haq på Gimle kino. I går premierte hun sin andre spillefilm i hjembyen Oslo.

«Hva vil folk si» er den andre spelefilmen til Iram Haq. Filmen blei godt motteke av både kritikarar og publikum.

Foto: Petter Sommer / NRK

Dragon Awards blir rekna som verdas største filmpris, målt i prispengar, skriv Rushprint. Regissør og produksjonsselskap får til saman ein million svenske kroner.

Då «Hva vil folk si» kom i fjor haust, fekk filmen god mottaking både blant kritikarar og publikum. NRK Filmpolitiet skreiv at det var ein gripande film som gjorde vondt i mellomgolvet. Og så langt har nesten 110.000 sett filmen på kino.

«Hva vil folk si» hadde verdspremiere under filmfestivalen i Toronto i september i fjor, medan den norske premieren var i oktober. Filmen har også blitt vist på fleire andre filmfestivalar, og har også vunne prisar.

Gleder seg

Iram Haq seier til NRK at ho er glad for den mottakinga filmen har fått både her heime og i utlandet.

– Det er hyggeleg at så mange har sett og likt filmen. Det gir meg motivasjon til å halde fram med å skape meir.

Også den førre filmen hennar, «Jeg er din», blei nominert til Dragon Award i 2014. Det at ho no er nominert på nytt er veldig gøy, seier ho.

– Eg hugsar det som veldig stort då eg blei nominert i 2014. Og det er veldig gøy å bli nominert igjen. No gleder eg meg til å presentere filmen for det svenske publikummet, og er nysgjerrig på kva svenskane synest om filmen.

Kjenner seg igjen i filmen

Filmen handlar om ei norsk-pakistansk jente som blir sendt til Pakistan når faren oppdagar at ho har norsk kjærast. Haq blei sjølv sendt til Pakistan mot si eiga vilje då ho var yngre. Faren blir spelt av Adil Hussain, og sa under den norske premieren at han hadde sjølv vakse opp med ein streng far.

– Eg måtte ikkje jobbe hardt for denne rolla – dessverre. Faren min var veldig streng med meg heilt opp i tenåra, også fysisk, sa han til NRK.

Også stortingsrepresentant for Venstre, Abid Raja, seier han kjenner seg igjen i filmen.

– Eg kjente meg igjen i mykje av sjargongen. Spesielt måten faren i filmen omtalar ære på. Det er ein veldig sterk og modig film.

Sterk konkurranse

Det er i alt åtte nordiske filmar som skal kjempe om prisen i Gøteborg i februar. Filmen til Iram Haq er den einaste norske i år. Tidlegare har dei norske regissørane Hisham Zaman og Arild Andresen vunne prisen.

På lista over dei nominerte i år, finn vi blant andre svenske Gabriela Pichler og Jesper Ganslandt og finske Paavo Westerberg. Prisen blir delt ut under avslutninga av filmfestivalen i Gøteborg 5. februar.

– Eg god ven med regissøren og produsenten av den danske filmen «Sjarmøren». Det er ein veldig bra film, og mange av dei andre filmane er også utruleg gode. Så deter stor stas å vere nominert i same kategori som desse, seier Iram Haq.

Nominerte Dragon Awards (engelske titlar)

Amateurs

Gabriela Pichler (Sverige)

The Charmer

Milad Alami (Danmark)

Euphoria

Lisa Langseth (Sverige)

What Will People Say

Iram Haq (Noreg)

Jimmie

Jasper Ganslandt (Sverige)

The Violin Player

Paavo Westerberg (Finland)

The Return

Malene Choi (Danmark)

Holiday

Isabella Eklöf (Danmark)

And Breathe Normally

Isold Uggadottir (Island)

Kulturstrøm