Hopp til innhold

Internasjonal presse hyllar nytt norsk pass

Først fekk pengesetlane våre skryt. No elskar internasjonal presse dei nye passa våre.

«Minimalistisk skjønnheit», «modig» og «fangar nasjonalidentiteten». Slike ord brukar den engelske storavisa The Guardian om utsjånaden på dei nye norske passa.

Politiet utviklar no ein ny serie pass, ID-kort og reisedokument, som ein del av dette kjem passa til å få ny design. I slutten av oktober kunne Politidirektoratet annonsera vinnaren av designkonkurransen: bidraget «Det norske landskap» frå Neue Design Studio.

UV-lys får fram nordlys

Den nye designen blir no hylla av internasjonal presse. The Guardian har kikka nærare på vinnarbidraget, og er frå seg av begeistring:

«Det viser vakkert forenkla skildringar av naturlandskapet i Noreg, teikna med fine strøk i pastell. Framsida viser ein modernisert versjon av riksvåpenet, stempla i gull, på uvanleg modige fargar: enten kvitt, turkis eller raudt.»

Dei ulike fargane er for utlendings-, - diplomat- og standardpass.

Avisa er også begeistra for nordlyset som dukkar fram på eine illustrasjonen, når den blir lagt under eit UV-lys. Design-nyheita er også plukka opp av Slate Design Blog, australske News.com.au og det britiske magasinet Shortlist.

– Bileta ville ikkje sett malplasserte ut på eit kunstgalleri, skriv det amerikanske medieselskapet PSFK.

Saka held fram under bildet.

Internasjonal presse om de nye passene

Designen på dei nye norske passa haustar lovord i internasjonal media.

Foto: Skjermdump
Gørill Kvamme

– Me ville ta utgangspunkt i noko som var kjent og kjært blant nordmenn, seier Gørill Kvamme, dagleg leiar i Neue Design Studio som står bak designen til dei nye passa.

Foto: Neue Design Studio

– Dette er stas

– Dette er utruleg hyggeleg, på vegne av den norske designbransjen er dette stas, seier Gørill Kvamme, dagleg leiar i Neue Design Studio.

Ho seier målet med designen er å visa Noreg ifrå sør til nord, med norske fjordar og nordlys.

– Me ville ta utgangspunkt i noko som var kjent og kjært blant nordmenn, med eit enkelt design som bruker formatet til passboka, seier Kvamme.

Neue Design Studio kjem no til å samarbeide med Politidirektoratet for å finna ut korleis designen kan kombinerast med tekniske og tryggleiksmessige omsyn.

Ifølgje The Guardian skal den nye pass-designen bli teke i bruk innan to år. Det har ikkje lukkast nrk.no å få noko kommentar frå Politidirektoratet.

Skryt for pengesetlar

Det er ikkje første gong norsk design vekker internasjonal oppsikt. I oktober vart designen på våre framtidige pengesetlar offentleggjort. Setlane blir designa av The Metric System, Terje Tønnesen og Snøhetta Design.

The Atlantic kalla dei eit «kunstverk» og prisa seg lukkeleg over at Noreg aldri vart med i Euro-samarbeidet.

Quartz omtala setlane som «spesielle» og «vakre» og hylla også bidraga som ikkje vann konkurransen, som dei meiner forklarar kvifor skandinavisk design blir beundra verda over.

LES MEIR: Noreg nye setlar blir lagt merke til internasjonalt

LES MEIR: Havet er tema på nye setlar

Etter å ha lovprisa designen på dei nye norske passa og pengesetlane konkluderer det internasjonale motemagasinet Stealmag at «me må alle flytta til Noreg».

Sjå dei nye pengesetlane her:

Kulturstrøm

  • «Motståndaren» blir svensk Oscar-kandidat

    Filmen om en bekymret, iransk bryter er Sveriges Oscar-kandidat.

    – Det er litt uvirkelig, sier regissør av «Motståndaren», Milad Alami til TT om at den svenske Oscar-komiteen valgte hans film foran blant annet Lukas Moodysons «Tilsammans 99».

    Allerede er hans film valgt ut som svensk kandidat til Nordisk råds filmpris, som deles ut i oktober.

Flere kulturnyheter