Prisen blir delt ut av det leiande bransjetidsskriftet C21, eit tidsskrift for fjernsyn og video på nett. 480 bidrag frå heile verda var med å konkurrere i 13 ulike kategoriar.
Ole Hedemann, programutviklar i NRK, var blant dei som var til stades under utdelinga i går.
– Det er alltid gøy å vinne prisar, og det var veldig gøy og stor stemning på utdelinga i går. Det er klart at dette blir lagt merke til over heile verda, fordi det er heile verda som er med å konkurrere om prisane.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Originalt konsept
«Skam» vann prisen som heiter «Digital online award». Det er ein pris for drama, som er produsert først og fremst for nett, og ikkje for lineært tv.
– Kvifor trur du Skam vann denne prisen?
– Eg trur «Skam» vann fordi det er ein original måte å lage drama på. Det er kanskje første gong at nokon ser ein dramaproduksjon som til dei grader består av ein vev av ulike publiseringsmåtar.
Ungdomsserien blir publisert online i form av video på nett og i sosiale medium, og det blir blant anna brukt falske Instagram-kontoar.
– Det er nytt, originalt og annleis. Og det er spanande at det blir sett pris på internasjonalt, seier Hedemann.
Mammon var også nominert til pris, men vann ikkje.