Hopp til innhold

Interessa for norske festivalar er i vekst

Norsk musikkbransje fortel om auka interesse for norske festivalar. – Det er noko kult på gang i Noreg, seier den amerikanske musikkjournalisten Laura Studarus.

Øyafestivalen 2014

NOREG BYR SEG FRAM: Stadig fleire internasjonale journalistar finn vegen til den norske festivalsommaren, ifølgje norsk musikkbransje. Her frå Øyafestivalen i 2014, då Queens Of The Stone Age stod på scena.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– At dette er jobben min er litt som ein draum som blir sann, seier Laura Studarus.

Laura Studarus.

NØGD JOURNALIST: Den amerikanske journalisten Laura Studarus vitja Slottsfjell tidlegare i sommar.

Foto: Karoline Berge Hammersmark / NRK

Ho står framfor kongescena på Slottfjellfestivalen og bevegar seg i takt med musikken. 2016 var fyrste gong ein amerikansk journalist var til stades på festivalen i Tønsberg.

Men sjølv om Studarus er den fyrste amerikanske journalisten på Slottsfjell, så er ho langt frå den einaste utanlandske journalisten som har funne vegen til den norske festivalsommaren.

Reiser til heile landet

Erlend Buflaten i Music Norway

STOR INTERESSE: Erlend Buflaten i Music Norway fortel om veksande internasjonal interesse.

Foto: Karoline Berge Hammersmark / NRK

– No om dagen er det ei veldig stor interesse for norske festivalar internasjonalt. Vi får mange spørsmål om korleis ein kan komme og oppleve musikken på heimebane, seier Erlend Buflaten, presseansvarleg hjå Music Norway.

Dei ser ein tendens til at utanlandske journalistar ofte returnerer når dei først har byrja å skrive om dei norske festivalane.

Også Førde Internasjonale Musikkfestival fortel om auka interesse. Der har dei inntrykk av at det er det autentisk norske som lokkar.

– Vi har ein profil som skil seg frå andre norske festivalar, seier Torhild Faleide, kommunikasjonssjef ved Førdefestivalen.

Hjå Noregs største festival, Øyafestivalen, har det vore ein tendens at stadig nye land visar interesse.

– Vi opplev at interessa spreier seg. Frå dei største musikkmarknadane merkar vi også at stadig større mediehus ønskjer å komme, seier Jonas Prangerød, presseansvarleg på Øyafestivalen.

Han siktar mellom anna til dei britiske og det tyske musikkmarknadane.

Får statleg støtte

Den norske ambassaden i London stadfestar også å ha registrert ei veksande interesse.

– Vi merkar stor pågang frå presse og bransjefolk herfrå som vil besøke festivalane i Noreg, seier Marius Bakke, presse- og kulturrådgjevar ved ambassaden.

Utanriksdepartementet har i ei årrekkje støtta festivalar med eit internasjonalt program. Men trass i auka interesse fortel pressetalsperson Ane Lunde at støtta ikkje er endra.

– Vi trur at den auka interessa er eit resultat av eit langsiktig arbeid med å etablere kontaktar, seier ho.

Atmosfæren lokkar

Ifølgje Bakke er det ryktet om avslappa stemning og reine festivalar som appellerer til mange journalistar.

Og det er nettopp atmosfæren amerikanske Studarus trekk fram når ho snakkar om dei norske festivalane.

– De bryr dykk om atmosfæren, og det er svært uvanleg i resten av verda. Det kan vere små ting, som å dra til landlege festivalar og sjå at trena er pynta. Eller det kan handle om plassering, som når ein festival ligg på ein topp med vakker utsikt utover havet.

I tillegg freistar det å oppdage nye norske talent.

– Det er noko veldig kult på gang i Noreg, det vil eg vere den fyrste til å skrive under på, seier Studarus.

Kulturstrøm

  • Nye retningslinjer frå Riksantikvaren

    Riksantikvaren har gitt ut nye retningslinjer for installasjon av solceller på verneverdige bygningar. Det gir håp for dei som ønskjer å kombinere solenergi og kulturarv. – Detter ikkje motstridande konsept, seier sjefen i Solcellespesialisten til Fremtidens Byggenæring.

  • Amerikanske myndigheter saksøker Amazon

    USAs konkurransetilsyn FTC går til søksmål mot Amazon, som tilsynet anklager for å bruke posisjonen sin innen netthandel til å svekke konkurransen.

    Søksmålet har vært ventet lenge etter årevis med anklager om at Amazon.com og andre teknologiselskaper bruker sin dominans innen nettsøk, sosiale medier og netthandel til å hindre konkurrerende bedrifter i å senke prisene. 17 delstater er med på søksmålet. (NTB)

    Amazon-logo på bygning i Tyskland
    Foto: Michael Sohn / AP