Einar O. Risa
Helvete
Tiden 1999
Romanen heiter altså "Helvete", og la det vere sagt med ein gong: boka held det tittelen lovar.
Staden er Europa, og tida er under ein eller annan krig, sannsynlegvis den siste på Balkan. Men det er verken Europa generelt eller Balkan spesielt som er Helvete, det er livet til hovudpersonen som kvalifiserer til tittelen.
Venen hans blir drepen etter å ha smugla heroin og våpen, og vår mann flyktar saman med kvinna til venen, ei kvinne han sjøl lenge har vore forelska i. Og ein kunne tru at både det å kome bort frå krigen og det å leve med den kvinna han elskar, skulle gjere han lukkeleg, men så er altså ikkje tilfelle.
Vår mann blir ein heimlaus og ein tjuv. Han stel kjærleiksdikta til den døde venen og gjev dei ut for sine eigne, han lever på smuglarpengane til same ven, han stel ein ny identitet, og han må stele seg inn i eit Europa som ikkje vil ha han. Forfattaren skriv om det uedle offeret, som nok kan få ei viss medkjensle, men ikkje sympati.
Dette er femte romanen til Einar O. Risa, og som dei føregåande er den tett, ekspressiv og fylt av eit intenst ubehag. På mange måtar minner Risa om den tyske ekspresjonisten Wolfgang Borchert, som etter 2. verdskrig vart den store tolkaren av krigsgenerasjonens kjensle av å vere utanfor, heimlaus, fortvila og rasande. Han skreiv mellom anna eit skodespel med den symptomatiske tittelen: Draussen vor der Tür, Utanfor døra.
Siste setninga i romanen "Helvete" er "slipp meg inn!, roper han". Både den manande, ekspressive stilen og utanfortematikken knyter Risa til Borchert, og det er meint som ein honnør til Risas bok, sjøl om han av og til skrur intensiteten så hardt opp at det verkar maniert. Dette gjeld spesielt i hovudpersonens hatefulle monologar med norsk rettsvesen.
Men flukt- og kjærleikshistoria gjer likevel dette til eit gys av ei bok. Helvete er ein politisk og eksistensiell grøssar som set seg fast i nervesystemet og kling med når ein les avisoppslag om såvel asylsøkarar som familietragedier.
Marta Norheim
Sendt i Kulturnytt, NRK P2, 13. desember 1999.