
Ingebjørg Aadland i Norgesglasset i NRK P1 har sett nærare på instinkta våre.
Dyr og meir primitive skapningar er avhengige av sine instinkt for å overleva. Og til meir primitiv ein er, til meir avhengig er ein av instinkta sine. Tidlegare har det blitt hevda at menneske handlar ut frå fornuft, men i mange situasjonar styrer heilt andre krefter.
Forskarar held for tida på med det omfattande prosjektet å kartlegga alle gener, og så langt har dei funne ut at menneske og brødgjær har ein tredjedel av det same genmaterialet. Og du og eg har også over 99 prosent av dei same gena som til dømes ein sjimpanse.

Morsintinktet fortel mor kva ho skal gjera når eit barn blir født.
Når me deler så mykje av genmateriale med dyr, så er det også grunn til å sjå nærare på det menneskelege instinktet på nytt. Kanskje er me meir instinktive enn me likar å tru, seier professor i medisin og psykologi, Terje Sagvolden.
Morsintinkta fortel mor kva ho skal gjera når eit barn blir født. Eit anna sterkt instinkt er vår trong til å formere oss. Det som sikrar at vi kjem vidare frå ein generasjon til ein annan - med andre ord partnerval - erotisk kjærleik - hekking - formeiring. Og me kan jo spørja: Har me kultivert og romantisert oss bort frå instinkta våre?

Eit sterkt instinkt er vår trong til å formere oss.
I lydkutta kan du høyre mer om kva instinkt er. Om morsinstinkta og om formeiring. Det er professor i medisin og psykologi, Terje Sagvolden, som høyrer saman med Ingebjørg Aadland i Norgesglasset i NRK P1.
Av Ingebjørg Aadland
Bearbeidet for nett av Jon-Annar Fordal