– Eg hugsar då eg sat og skreiv denne boka, og tenkte at eg ville bli glad om eg fekk berre to lesarar. Så det er heilt utruleg, eg er veldig takknemleg, seier Karen Elene Thorsen,
Boka hennar «Fattig student» er blant bøkene som ligg på salstoppen for 2020, og har totalt seld over 70.000 eksemplar sidan ho vart gjeve ut i 2019.
Og den fattige studenten er kanskje ikkje lenger så fattig, då suksessen har ført til ei inntekt på nesten 2 millionar kronar.
Med lettvinte, billige oppskrifter og appetittvekkjande bilete, har ho treft eit ungt, men bredt publikum.
– Eg trur folk har kjøpt boka mi fordi det er ei annleis kokebok, og ho hjelper deg å redusere matsvinn og spare pengar samtidig. Og det trur eg ikkje at det er så mange andre kokebøker som gjer, seier ho.
Mat, sying og strikking mest populært
Trass i koronapandemi og ein nedgang i kulturlivet generelt, har bokbransjen hatt eit sterkt oppsving. Særleg innanfor fakta- og hobbybøker.
Etter ein nedgang i boksalet i 2018 og 2019, har den negative trenden no snudd. Sakprosa og skjønnlitteratur har hatt ein vekst på høvesvis 16 og 7 prosent, ifølgje Forleggerforeningen.
– Bokåret 2020 er eit fantastisk år. Det betyr at vi er glade i bøker i Noreg, og at vi søker kunnskap, også gjennom litteratur, seier Heidi Austlid, direktør i Forleggerforeningen.
FORNØGD: Direktør Heidi Austlid i Forleggerforeningen kallar bokåret 2020 eit knallår.
Foto: IKT Norge / NRKKorona kan ha noko av æra:
– Eg er ganske sikker på at koronasituasjonen har gjort at vi har søkt til litteratur både for å få ny kunnskap, opplevingar og rom for refleksjon. Og ikkje minst digital pause, seier Austlid.
I 2020 er det Hekneveven av Lars Mytting og biografien Kongen forteller av Harald Stanghelle, som ligg heilt på topp. Dessutan dominerer bøker om sying, strikking og mat.
Instakjendisane leverer
For i tillegg til «Fattig student» er også «Villmarksgensere vol 1» av Linka Neumann, «Sy med Ingrid og Ingrid» av Ingrid Bergtun og Ingrid Vik Lysne, «Trines Hverdagsmat», og Mads Hansens «Min Instastory» blant bestseljarane.
Desse har til felles at dei allereie hadde ein stor tilhengarskare på Instagram før dei kom ut med bok.
Karen Elene Thorsen meiner akkurat dét kan vere eit godt utgangspunkt for å slå gjennom som forfattar.
– Eg trur Instagram hjelper veldig til å promotera, men du må fyrst og fremst ha eit tema som du brenn for, og som du kan formidle vidare, for viss ikkje så trur eg ikkje at ein klarer å selje.
Thorsen stadfestar at ho ikkje hadde vore der ho er i dag utan Instagram.
MYKJE MERKSEMD: Instagramprofilen til Karen Elene Thorsen fekk fort fleire tusen følgjarar, og stor merksemd blant norske og internasjonale medium.
Foto: Oda Elise Svelstad / NRKI dag har ho over 230.000 følgjarar, og skal byrje på bok nummer to. Kokebokskriving, og oppdraga som følgjer med er no fulltidsjobben hennar.
– No lever eg av Instagram. Målet er å halde på med dette så lenge som mogleg, seier ho.
– Sosiale medium gir dei «marknadsboost»
Austlid trur at ein vil sjå fleire av Instakjendisane og andre profilar frå sosiale medium på salstoppen i åra framover.
– All type marknadsføring er god marknadsføring. Instagram og andre sosiale medium gir dei ein «marknadsboost», seier ho.
Ho legg til at instakjendisane også treffer ei brei gruppe lesarar, med kunnskap som dei unge søker etter. Fordelen er auka leselyst blant unge.
– Lesartala hos unge vaksne går nedover, så kanskje er nettopp denne litteraturen viktig for å auke leselysten også hos unge, avsluttar ho.