I førre veke var aksjonsgruppa Redd Innvik på møte med Kulturdepartementet for å snakke om framtida til kulturbåten.
– Vi fekk inntrykk av at departementet ikkje var klar over korleis Innvik blir brukt, og difor fekk vi òg ei positiv kjensle etter møtet, fortel aksjonsleiar Agnethe Haaland. Vi fekk fortald om det fantastiske verktøyet kulturbåten er for å nå ut med teater og kultur til heile norskekysten.
Innvik blir brukt av heile kysten
På møtet fekk òg Haaland forklart departementet at Innvik blir brukt av kommunar langs heile kysten, og ikkje berre dei to fylka Hordaland og Sogn og Fjordane.
Kven som har vore brukarane av kulturbåten, har vore ein av kjernene i striden: Departementet vil overlate kostnadane og styringa til dei to vestlandsfylka, medan aksjonsgruppa, politikarar og folk langs heile kysten meiner at Innvik må halde fram med å vere eit statleg ansvar.
God nok kunnskap i departementet?
Tidlegare har det vore hevda at departementet ikkje har god nok kjennskap til formålet med Innvik. Roger Ingebrigtsen i Kulturdepartementet avviser at dei ikkje kan nok om kulturbåten.
– Vi er 125 menneske som arbeider i dette departementet, og eg trur at om lag alle har arbeidd med eller vore borti kulturbåten Innvik den siste tida.
For seint til budsjettet
Agnethe Haaland seier at ho fekk ei kjensle av at departementet var interesserte i å få vite korleis ein kan halde Innvik flytande, men framlegget til statsbudsjett var allereie gått i trykken den dagen ho hadde møtet med departementet – utan Innvik blant postane.
Ingebrigtsen avvisar at utfallet hadde vore annleis om møtet mellom aksjonsgruppa "Redd Innvik" og departementet hadde vore halde tidlegare.
- Ut i frå ynskjet om at flest mogleg avgjerder i Noreg skal takast på lokalt plan, ynskjer vi å overlate til dei lokale styresmaktane å avgjere kva som skal skje med kulturbåten, seier Roger Ingebrigtsen.
No går Haaland til kulturkomitéen på Stortinget for å freiste redde Innvik før budsjettet blir banka gjennom.
Ingvei Eikaas
Kulturnytt, NRK P2, 09.10.00