Hopp til innhold

Vel vekk kreative yrke

Ungdommar med minoritetsbakgrunn søkjer seg ikkje til kunstfag. - Vi føler oss ikkje velkomne, seier leiaren for Nordic Black Theatre.

Dansere

Få ungdommar med minoritetsbakgrunn vel å gjere som desse i Nordic Black Theatre, nemleg å satse på kreative yrke. Her frå teateroppsetjinga «Romeo og Julie».

Foto: Dang Trinh / NRK

Ifølgje fleire skular er talet på ungdom med minoritetsbakgrunn som søkjer seg til kunstfag på vidaregåande og høgare utdanning lågt.

Nordic Black Theatre arbeider med multikulturell scenekunst, og dagleg leiar Cliff Moustache trur grunnen til dei låge søkjartala er at ein ikkje kjenner seg velkomne hjå dei ulike kunstinstitusjonane.

– Det handlar om å sende klare signal til ungdommane om at ein vil ha dei der, seier Cliff Moustache.

Vel høgstatus-utdanning

Det er mange ungdommar med minoritetsbakgrunn som tek høgare utdanning, men dei søkjer seg hovudsakleg til studiar med høg status. Særleg lege- og tannlegestudia er populære. Somaye Darvishi går tredje året på medisin, og for henne var det ikkje eit alternativ å studere eit kunstnarisk fag.

– Først hadde eg ikkje opphaldsløyve og eg fekk ikkje lov til å gå på skulen. Så da eg endeleg fekk moglegheit til å studere her i Noreg, tenkte eg at eg måtte nytte høvet til å få meg ei bra utdanning, fortel Darvishi (26) frå Afghanistan.

Darvishi trur at ønsket til foreldra har mykje å seie for kva ein vel, og veit om fleire som kanskje heller hadde vilja studert eit meir kreativt fag.

– Eg ser det blant medstudentane mine på medisin, at dei har valt medisin fordi dei tenkjer at det gjev ei trygg framtid, seier Somaye Darvishi.

– Må informere om jobbmoglegheiter

Nirmala Eidsgård er leiar i Mangfold i Fokus i Akademia (MiFA). Det er ei satsing ved Universitetet i Oslo som jobbar for at ungdom med minoritetsbakgrunn skal ta høgare utdanning. Ho meiner kunstinstitusjonane arbeider for lite for å rekruttere.

– Kulturbransjen har også har vorte betre dei siste åra, men ein treng endå meir satsing, seier Eidsgård.

Ho trur årsaka til dei dårlege søkjartala til kunstfaga skuldast dårleg informasjon om vidare jobbmoglegheiter. Ho har klare råd til korleis kunstinstitusjonane kan nå ut til minoritetsungdom.

– Dei må oppsøkje målgruppa der dei er, og informere om studia og kva ein kan få av jobbar etter at ein er ferdig.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Schibsted-konsernet vil splitta selskapet i to

    Schibsted-konsernet vil skilja ut mediehusa i ei eiga eining og selja dei til Stiftinga Tinius.

    Det opplyser konsernet i ei børsmelding måndag morgon.

    Dersom avtalen går gjennom, vil VG, Aftenposten, Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og dei andre mediehusa i konsernet bli tekne av børs.

    Avtalen verdset nyheitsavdelinga til 6,2 milliardar kroner. Det inkluderer Schibsteds eigardelar i nyheitsbyråa NTB og TT, og dessutan Polaris Media, skriv E24.

  • Fosse mottok nobelprisen i litteratur

    Jon Fosse mottok søndag nobelprisen på scenen av kong Carl Gustaf av Sverige.

    Fosse fikk årets nobelpris i litteratur for sin «nyskapende dramatikk og prosa, som gir en stemme til det usigbare», heter det i Svenska Akademiens begrunnelse.

    – Jon Fosse er ingen vanskelig forfatter, men en som bruker enkle ord til å ordlegge universell tematikk, sa professor Anders Olsson i Svenska Akademien under seremonien i Stockholm.

    – Jon Fosse er den første nobelprisvinneren i litteratur som har skrevet på nynorsk. I likhet med sin store norske forgjenger Tarjei Vesaas kombinerer han sterke lokale bånd med en tro på samtidslitteraturens muligheter. Han viker unna det vi kan betrakte som en definitiv formulering, noe som gjør det nesten umulig å sitere ham, sa han videre.

    Jon Fosse får nobelprisen i Litteratur
    Foto: Claudio Bresciani/TT / NTB
  • Banksy-utstilling til Oslo

    I februar kommer Banksy-utstillingen «The Mystery of Banksy – A Genius Mind» til Økern-senteret i Oslo.

    Utstillingen åpner 23. februar og vil vise fram nærmere 150 reproduksjoner av gatekunstnerens verker. Utstillingen skal ikke være godkjent av kunstneren selv, på grunn av hans anonyme status.

    – Vi er utrolig stolte for å kunne åpne dørene til denne storslagne utstillingen på Økernsenteret, sier arrangør Bjørn Heiseldal ved Thalia teater til NTB.

    1,4 millioner personer har besøkt utstillingen siden den åpnet i München våren 2021. Den har siden vært innom både Wien, Berlin, Zürich, Hamburg og Malmö.

    Den britiske kunstnerens identitet er forblitt en godt bevart hemmelighet, til tross for at hans kunststunt har vekket stor oppmerksomhet internasjonalt i en årrekke. Det er imidlertid antatt at han er en mann 45-50- alderen som er fra Bristol i England.