Hopp til innhold

Inn

Thure Erik Lund skriv ikkje for pyser. Etter den kritikarroste romanen om Tomas Myrbråten, tek han det heile eitt steg lenger i romanen "Inn".

Romanane til Thure Erik Lund skaper store problem for slike som meg. Frå første side av rausar det av rot og skrammel hulter til bulter med høgtravande tankeflukter til dels i heimelaga terminologi, og inne i mylderet sit ein forteljar som du ikkje bør kjøpe bruktbil av, ein temmeleg ustabil type som skjeller ut dei han misliker, og dei er det mange av.

Problemet er ikkje mylderet, tvert om. Problemet er at mellom øyrene på alle kritikarar sit det ein liten flinkis som stuper kråke av fryd ved synet av slike underlege tekster, og som vil setje heile romanen på greip og finne ei tolking på to minutt i Kulturnytt fiks ferdig.

Inn
Foto: Aschehoug

Baklengs ut i verda

Mens det ein annan stad i kritikaren oppstår einslags ærefrykt overfor romanane til Lund. Ikkje fordi dei er heilage på nokon måte eller fullkomne, slett ikkje, men dei framstår som ureduserbare. Viss du er for kjapp med å røske ut eit poeng eller dra ein konklusjon, ja, så hamnar du feil ut, same kva.

Eg får hekte meg på hovudpersonen og sjå kvar det endar. I romanen "Inn" er han ein studierettleiar som har mista jobben fordi han med stor intensitet fortalte ungdommane at det ikkje fanst verken framtid eller håp for slike ”svimete inntørka kålhuer” som dei. Vår mann går baklengs ut i verda mens han skjeller ut religiøse, globalnazistiske sosialdemokratar, fargerikt fellesskapsfantastane, dei fråtsemaniske medieronkarane, pluss vindmølleentreprenørar, snøskuter- og firhjulingsidiotar - og lista kunne vore mykje lenger.

Ikkje for pyser

Dette er ein nedbrytande roman. Ein ting er å bryte ned ungdommen og andre folk ein misliker. Men det går vidare: til nedbryting av verdiar, av meining, av språk, og til slutt av sjølve det menneskelege. Og nedbrytinga er ganske konkret, vi hamnar til slutt med substansar eg ikkje eingong vil nemne på radio.

Hovudpersonen i "Inn" fører ein krig med verda. Lesaren blir sugd inn i eit forrykt misantropisk univers og kasta ut att, og det er ikkje gjort i ei handvending å forklare kva ein har vore med på, eller om ein hadde godt av det. Den som les "Inn" gjer det på eige ansvar.

 

Kulturnytt, NRK P2, 22. november 2006

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.