NRK Meny
Normal

– Ver forsiktig med akevitten

– Eg er litt skeptisk til den der spriten i jula, seier vinjournalist og forfattar Ingvild Tennfjord. Ho oppmodar om å vera forsiktig med akevitten i jula, og meiner ein heilt klart kan drikke alkoholfritt.

Ingvild Wedaa Tennfjord

FORSIKTIG: Vinjournalist og forfattar Ingvild Tennfjord meiner ein skal vera forsiktig med alkoholen i jula.

Foto: Lars Myhren Holand/larsmyhrenholand.com

– Dei færraste er vane med å drikke 40 prosent sprit. Spesielt i ei høgtid der det er eit stort poeng å halde promillen nede, så oppfordrar eg faktisk folk til å vera særdeles forsiktig med akevitt, seier Tennfjord.

Det er jo sterke ord for ein som jobbar med vin og skriv bøker om det?

– Akevittens venner kjem sikkert til å bli veldig sinte på meg, og argumentere med matkultur og alt dette, men det er to interesser som står mot kvarandre her, og då er eg heilt klart på ungane sitt lag framfor dei som flaggar matkultur.

– Fulle vaksne ikkje på ynskjelista

Kari Randen i alkovettorganisasjonen Av-og-til støttar Tennfjord, og meiner det er viktig å tenke gjennom alkoholbruken sin i jula.

Kari Randen

STØTTAR: Kari Randen er dagleg leiar i alkovettorganisasjonen Av-og-til, og ho støttar Tennfjord i å tenke over alkoholforbruket i jula.

Foto: Bård Gundersen / Av-og-til

– Mange barn opplever fulle vaksne i jula og får ei julefeiring prega av det. Barn merkar ofte endringar hjå vaksne fortare enn ein trur. Når dei vaksne synest det er god stemning, så er det ikkje alltid at det opplevast slik for barn, seier ho.

– Jula er barna si høgtid, og fulle vaksne står ikkje på ynskjelista til nokon ungar. Dei trivst aller best med vaksne som oppfører seg slik dei er vane med.

– Kva råd har du til vaksne i jula?

– Det aller viktigaste er å tenke seg om på førehand, og bestemme seg for, om, og kor mykje, ein skal drikke. Ein bør ikkje tenke på kor mange glas ein sjølv har lyst til å drikke, men heller tenke på kor mange glas ungane toler.

Anbefaler alkoholfritt

Med fleire bøker om vin har Tennfjord gjort suksess, og som vinsmakar er ho svært bevisst på kva det er å smake og vurdere ein vin, framfor det å drikke ein vin.

– Eg er vane med å spytte ut, for du skal ikkje ta mange slurkar vin før du byrjar å bli litt «bedøva». På jobb smakar me kanskje 80 vinar før lunsj, og då er det smake, spytte, smake, spytte.

Tennfjord anbefaler difor å også ha alkoholfri drikke til julegjestene.

– Me har så mykje herleg fruktjuice og saft i dette landet, og Ringi har ein raud most som heiter Eple & Aronia. Den har litt struktur, så den er ikkje for søt, og den går veldig godt til mat.

– Det er jul, me skal ligge litt lågt på alkoholen. Då blir det hyggelegare for alle, ikkje minst seg sjølv, seier ho.