Hopp til innhold

Ingeborg Christophersen

Denne jenta er avhengig av ein ting før ho skal opptre, nemleg pusteballongen sin. Ho opptrer mykje så ballongen er nok godt brukt.

Ingeborg Christophersen
Foto: Promo

På laurdag står Oslojenta på scena med blokkfløyta i handa, då skal ho spele "Ungarsk Rondo" av Ernst Krähmer. Klarar du ikkje å vente til laurdag kan du allereie no sjå hennar audition , der ho spelar "L`Oiseau du bois" av Charles le Thiere.

Pusteballong

Det er viktig for Ingeborg å ha med seg pusteballongen sin når ho skal opptre.

- Det er ein seksliters gummi-ting som er genial til å få i gong pusten.

Det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor Ingeborg treng å få pusten i gong når ein veit kva slags instrument ho spelar, Ingeborg er nemleg kjempe dyktig på blokkfløyte.

Tidleg start

Det er nok mange som no tenker at blokkfløyte var vel noko vi alle måtte igjennom på barneskulen, det måtte nok Ingeborg og, men allereie på barneskulen visste ho korleis det skulle gjerast.

Då Ingeborg var fem år fekk ho si første fløyte til jul, og allereie som seksåring fekk ho undervisning i fløyte.

Årets musikar

Ingeborg har vore på radio mange gongar. Ein gong spelte ho i ein blokkfløytekvartett der ho kom til finalen i ein internasjonal konkurranse.

- Og ein gong blei eg kåra til Årets Musikar under Ungdommens Musikkmesterskap.

Badetøy eller fløyter?

Ingeborg Christophersen
Foto: Bilde frå audition

Før Ingeborg skal opptre pleier ho å stresse rundt, då lurar på om ho i det heile tatt kan det ho skal spele, men det kan verke som at det pleier å gå bra. Eller kanskje ikkje alltid, i alle fall gjekk det ikkje så bra første gong ho skulle på scena.

- Eg hadde tatt med meg posen med badetøy i staden for posen med fløyter. Konferansieren gjekk fram til publikum, avslørte alt og fortalde at eg kom seinare i programmet. Det var flaut!

Men det verkar ikkje som at dette har satt nokre store spor i jenta, i alle fall verkar det ikkje slik når ein tenker over kva mottoet hennar er.

- Kvifor vere sur når ein kan vere lykkeleg som glad?!

Kva vil du bruke pengane du vinn til?

-Eg har veldig lyst til å kunne leve av musikken min, og det kostar nok ein del penger.

På gøy med Ingeborg:

Kva er det mest ”nerdente” ved deg?

- At eg heile tida øver artikulasjon, når eg ikkje snakkar går eg rundt og seier DGDGDGDGDG eller DLDLDLDLDL. I følje søstrene mine og venane mine er dette utruleg irriterande.

Er det noko du er spesielt dyktig til?

- Eg kjedar med aldri, er sjølvunderhaldande. Eg kan sitte aleine på T-bana og få spontan latterkrampe av noko eg tenker på. Det er i grunn ganske pinleg.

Samlar du på noko?

- Nei, men eg har ganske mange griseting. Eg var hekta på griser sommaren då eg var sju år, og det er det ingen som gløymer. Det er forferdeleg, for eg får nesten ikkje anna til jul og bursdag. Av samlinga kan eg nemne tre flygande grisar, purka Mona Lisa og ein badegris lenka til ein rosa badekarspropp.

Kulturstrøm

  • Samisk Netflix-film på topp ti i 71 land

    Loga sámegillii.

    Den samiske Netflix-filmen «Stjålet» er allerede etter få dager blitt tidenes samiske kommersielle filmsuksess.

    Filmen er på topp ti-lista over mest sette filmer i 71 land, blant annet i USA, Canada, Storbritannia, Norge og Sverige.

    Det opplyser regissør Elle Marja Eira på sin Facebook-side.

    Handlingen i thrillerfilmen er i et reindriftsmiljø i Nord-Sverige. Filmen ble sluppet internasjonalt på fredag.

    Filmen er laget etter Ann-Helén Laestadius sin kritikerroste roman «Stjålet».

    Spent gjeng på tur til førvisning av Netflix-filmen "Stjålet" i Kiruna, april 2024
    Foto: Wenche Marie Hætta / NRK
  • «Ringenes Herre» blir 15 timar lang opera

    Fantasyklassikaren «Ringenes Herre» av J.R.R. Tolkien blir opera for første gong. Det melder Sveriges Radio.

    Det er den britiske komponisten Paul Corfield Godfrey som skriv musikken. Innspelinga av musikken har allereie starta av nasjonaloperaen i Wales, og skal sleppast i 2025.

    Operaen blir delt inn i fleire framsyningar, på til saman 15 timar og 30 kapittel.

  • Kadetten avlyser også 2024-festivalen

    Festivalen Kadetten i Sandvika, som kaller seg Norges største hiphopfestival, avlyser årets utgave.

    «Det er med tungt hjerte at vi må meddele at Kadetten 2024 er avlyst», står det på festivalens Instagram-side , og gjengitt av YLTV.

    «Det er utrolig leit, vi var overbevist da vi relanserte festivalen i år at situasjonen og markedet hadde snudd – sånn ble det ikke. Kombinasjonen av vesentlig høyere priser på alt av artister i sjangeren, usikre og innstilte turnéplaner, høyere kostnader og mindre kjøpekraft blant vårt publikum gjør at vi ikke ser det mulig å gjennomføre festivalen i år», står det om årsaken til avlysningen.

    Ifølge Instagram-posten vil kjøpte billetter refunderes automatisk.

    Kadettenfestivalen ble avlyst også i 2023.

    Cezinando på Kadetten 2022
    Foto: Eskil Olaf Vestre / NRK P3