NRK Meny
Normal

Ikkje ta med blindpassasjeren

Den står der og fristar, så uskuldig, vakker og eksotisk. Men tek du den med deg heim til Norge, er det kanskje du som har skulda for at ein ny plageånd angrip norsk dyre- og planteliv.

Plante
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Me er alt invadert av brunsneglen frå Iberia, Harlekinmarihøna frå Asia og sjukdommen pærebrann frå USA. Fleire artar står og trippar og vil inn i Norge.

Fluger og flatorm

Den siste er den grådige søramerikanske Minèrfluga. Den drep planter, men er resistent mot plantevernmiddel. Heile planten må destruerast om den blir angripen, noko som kan medføre store tap i veksthusnæringa. Minèrfluga har alt ei tå innanfor grensa vår, og Mattilsynet er usikker på om dei har klart å stogge den.

Den New Zealandske flatormen, som har etablert seg i England, et meitemakk. Den har ingen naturlege fiendar her, og om meitemakken forsvinn kan eit frodig område bli redusert til sumpmarker.

Smuglar planter

- Hageeigarar fortel meg at dei smuglar inn planter, seier Ørjan C. Simonsen i Mattilsynet Hordaland. Han har òg vore i kontakt med tollvesenet på Flesland, som fortel at dei ofte stoggar passasjerar med ulovleg importerte planter. Desse plantene blir konfiskerte og destruerte.

- Det er eit klart og tydeleg lovverk på dette, men folk veit for lite om det. Det seier Anne Tafjord-Kirkebø, fylkesleiar i Hageselskapet Hordaland. Ho er initiativtakar og pådrivar bak kampanjen "Bindpassasjerer? Ditt ansvar" - og saman med Mattilsynet har ho laga ein poster som skal opp på alle flyplasser, internasjonale havner og tollstasjonar.

- Styresmaktene gjer ikkje nok

I dag blei den fyrste plakaten avduka på Skoltegrunnskaien i Bergen. Anne Tafjord-Kirkebø er skuffa over at dei sentrale styresmaktene sjølve ikkje gjer nok for å forsvare Norge mot framande artar.

- Dei skriv under alle avtalar og lagar både raud- og svartelister, men dei føl ikkje opp med handling. Det er utruleg at ei så viktig sak lir av pengemangel. Denne kampanjen hadde ikkje blitt realisert utan dugnadsarbeid og engasjement frå vår side!

Du kan lese mer om dette på Bioforsk sine nettsider.

Norgesglasset NRK P1