NRK Meny
Normal

Ikkje kødd med stadnavnet mitt!

- Eg gløymde i farten at navn heng saman med kjensler. Nokon meiner eg har banna i navnekyrkja. Forfatter har rørt ved eit hissig vepsebol, nemleg gatenavn i Oslo.

Mariboes gate i Oslo
Foto: Arill E. Andersen

Hør: Ikkje kødd med stadnavnet mitt!

Forfattar Leif Gjerland har rørt ved eit hissig vepsebol med si nye bok "Navn i Oslo". Han blir nedringt av arge Oslo-folk som gir klar beskjed om at historiene han serverer om stadnavn i hovudstaden ikkje stemmer.

- Eg gløymde i farten at navn heng saman med kjensler. Nokon meiner eg har banna i navnekyrkja, og det er jo ille, humrar Leif Gjerland.

Forfattaren seier det er veldig hyggeleg at boka hans vekker oppsikt, men styrken på reaksjonane var uventa sterke.

"Det er gærnt Gjerland!"

- Det gikk kort tid fra boka kom og ble omtalt i avisene før det begynte å komme sms'er, e-poster og reaksjoner på alle mulige måter.

Lesarar kontaktar Gjerland for å gi klar beskjed om at det han skriv ikkje stemmer.

- Det er særleg to navn som vekkjer voldsomme reaksjonar, nemleg Cuba og Oslo, seier Gjerland.

Av og til seier navneopphavet seg sjølv, som på Sagene, Berg og Torshov. Det er dei navna med eit meir diffust opphav som gjer at forfattaren får så øyro flagra.

Kvifor heiter Oslo Oslo?

Gjerland skriv at den mest seigliva teorien er feil. I 1613 skreiv historikar Peder Claussøn Friis at den gamle byelva Alna egentleg heiter Loen, og at byen ved Loens os fekk navnet Os-Lo. Teorien har til og med stått i mange skulebøker opp gjennom tidene, men det er rein bløff, seier Gjerland. I "Navn i Oslo" omtalar Gjerland to andre teoriar han har meir tru på.

- men mine teoriar heldt ikke for fyrstemann som tok kontakt, han sende meg tekstmeldingar heile kvelden. Han hadde lært at navnet kjem av Loelven, sånn er det, basta bom!

Cuba eller Kuba?

Ingen veit heilt kvifor området nederst på Grünerløkka heiter Cuba, og Leif Gjerland har inntrykk av at folket på Grünerløkka er delt i to leirar når det gjeld om navnet skal skrivast med C eller K. I boka tek han med fem ulike teoriar om bakgrunnen for navnet, som alle har sine trufaste tilhengarar. Sidan boka kom ut er han blitt servert to nye historier.

Norgesglasset NRK P1