Denne veka får Günter Grass Nobelprisen i litteratur, og han kvitterte måndag på ein pressekonferanse i Stockholm med å snakke om den svenske nazismen.
I Nobelførelesinga tysdag gav han tilhøyrarane ein leksjon i sitt syn på litteraturen. Der hevda han at kapitalismen, tillliks med kommunismen tidlegare, dyrkar den positive helten.
Vår tids versjon er den hardkokte og coole typen som rasar gjennom marknadsøkonomiens jungel klar for eit raskt knull mellom to skotvekslingar.
Opp mot denne typiske, kapitalistiske helten av James Bondtypen set Grass opp narren, pikaroen, som pissar på maktas søyler og får pompøsiteten til å sjå sjaskete ut og makthavarane til å snuble. Han får folk til å le, men denne latteren set seg fast i halsen når ein oppdagar at narren har sett opp speglar overalt.
I Boktilsynet ser vi hans eige forfattarskap i lys av Nobelførelesinga frå i går. Vi vurderer hans rolle som samfunnsrefsande forfattar, og spør om dette er ei rolle som kan leve vidare, slik Grass sjøl hevdar er nødvendig no når kapitalismen stadig får meir autoritære trekk.
Dessutan: Korleis greier Grass balansen mellom å vere ein outsider og samfunnskritikar, og samstundes ein av dei mest etablerte og kjente namna i tysk litteratur og samfunnsliv? Med i samtalen er kritikaren Knut Hoem.
Günter Grass: "Mitt århundre", Gyldendal 1999
Boktilsynet, NRK P2, 8. desember kl. 1610
Reprise 14. desember kl. 1440.