Ida Ekblad med suksess i Europa: – Knerta BSU-kontoen for å få råd til å lage bra nok utstilling

Nå fyller gigantiske måleri av norske Ida Ekblad ein av Europas mest anerkjente og respekterte institusjonar for moderne kunst.

Ida Ekblad

I MÅL: Kunstnar Ida Ekblad har brukt eit år på å lage utstillinga som no heng i Kunsthalle Zürich. Utstillinga har aldri blitt vist tidlegare.

Foto: Helga Tunheim / NRK

For over eitt år sidan kom førespurnaden om å lage ei soloutstilling i Kunsthalle Zürich. To gigantiske salar i to etasjar med berre Ida Ekblad sin kunst.

Ida Ekblad er første norske som stiller ut i den velrenommerte kunsthallen i Sveits. Og det er sjeldan at éin kunstnar stiller ut i to salar.

Ida Ekblad som blander maling

TEKSTILFARGAR: Ida Ekblad bruker tekstilfargar for å lage kunst. Metoden har kunstnaren utvikla heilt sjølve.

Foto: Helga Tunheim / NRK

Blei åtvara

Dei to salane ho skulle fylle med kunst er så svære at kuratoren åtvara henne på førehand. Fleire hundre kvadratmeter store og over fem meter under taket.

– Dei som jobbar her bekymrar seg alltid over desse romma fordi dei er så svære. Eg var klar over at det kom til å bli vanskeleg å fylle dei på den riktige måten, seier Ekblad.

I over eitt år har Ida Ekblad jobba med utstillinga, heile tida med utstillingssalane i tankane. Utfordringa var å lage så store verk at romma blei overkommelege. Resultatet er måleri på størrelse med dei største verka til Edvard Munch. Den andre salen er fylt med skulpturar.

– Menn har ofte laga dei gigantiske verka og det er mennene sine skulpturparkar vi går og ser på. Eg har gjort mi tolking av noko som ofte er blitt gjort av menn i kunsthistoria, forklarer Ekblad.

Kunst - Ida Ekblad

GIGANTISK: Fem verk som er fleire kvadratmeter store heng i den eine salen i Kunsthalle Zürich.

Foto: Helga Tunheim / NRK

Kanskje er det nettopp derfor Ida Ekblad blir lagt merke til, langt utover Norges grenser. Ho er ikkje redd for å dra på i korkje storleik og verkemiddel.

Nesten umiddelbart etter at Ekblad gjekk ut med master i kunst frå Kunstakademiet i Oslo i 2007 fekk ho suksess. 39-åringen har hatt soloustillingar på Nasjonalmuseet, Bergen Kunsthall og Venezia-biennalen for å nemne noko.

Akkurat nå har ho noko så sjeldan som to soloutstillingar på ein gong. Ein på Tamayo-museet i Mexico City og ein i Kunsthalle Zürich. Fleire store kunstsamlarar har lagt sin elsk på Ekblad sin kunst.

– Ein unik kunstnar

Daniel Baumann

KURATOR: Daniel Baumann ved Kunsthalle Zürich meiner utstillinga til Ida Ekblad er så bra at folk blir heilt imponert. – Dei lurer på kva som skjer her.

Foto: Helga Tunheim / NRK

Direktør og kurator ved Kunsthalle Zürich Daniel Baumann er stolt over å kunne presentere den norske kunstnaren. Opninga av utstillinga skjer attpåtil under årets viktigaste kunsthelg i den sveitsiske byen, «Zürich Art Weekend», som trekker kunstinteressert frå heile Europa.

Baumann har kjent til den norske kunstnaren i over ti år, og syns Ida Ekblad er unik i måten ho arbeider på.

– Ho jobbar i veldig ulike retningar, noko som er sjeldan og særs vanskeleg. Det kan fort skli heilt utom ein gapar over for mykje, men av ein eller anna grunn klarer Ida Ekblad å skape ein heilskap av alle dei ulike retningane. Kanskje er ho Norges svar på Leonardo da Vinci, humrar Baumann.

Tømte BSU-kontoen

Faren til den unge Ida Ekblad var ikkje begeistra då dottera fortalde at ho skulle bli kunstnar. Han samanlikna sjansane for å slå igjennom som kunstnar med å finne nåla i høystakken.

Ida Ekblad er uredd og gjer det som må til for å få til ei bra utstilling. Difor rauk etter kvart BSU-kontoen, som faren hadde hjelpt dottera med å spare opp, og som det absolutt ikkje var lov å røre

– Då invitasjonen kom om å stille ut i Milwaukee i USA i starten av karrieren, hadde eg ikkje noko val. Eg tømte BSU-kontoen for å lage utstillinga.

Slik har Ida Ekblad halde fram, og i dag er ho ein av Norges fremste samtidskunstnarar.

Det er viktig for henne at kvinner får eller tek den plassen i kunstverda som dei fortener.

– Det å tørre og gjere noko stort er overhodet ikkje ein mannleg eigenskap, det er like mykje ein kvinneleg eigenskap.

Ida Ekblad - åpning kunstutstilling

OPNING: Ida Ekblad i sentrum då kunstinteresserte frå heile Europa hadde kome for å vere med på utstillingsopninga i Kunsthalle Zürich.

Foto: Helga Tunheim / NRK

Kulturstrøm

  • Vikingskip grunnstøytte på Ulefoss

    Vikingskipet Gaia frå Sandefjord gjekk i dag på grunn i Telemarkskanalen nær Ulefoss. Ingen blei skadde i grunnstøytinga, og skipet får no hjelp for å kome laus, skriv Varden. Fire vikingskip siglar no opp Telemarkskanalen for å markere Vikingveka.