Når ein gjenstand fell, og det berre er jordas tyngdekraft som påverkar gjenstanden, då har vi det vi kallar for fritt fall. Når fysikarane snakkar om fritt fall, har dei også tatt bort luftmotstanden.
Aristoteles - igjen!
Den greske filosofen Aristoteles, som levde frå år
Aristoteles trudde tunge gjenstandar fell raskare enn lette gjenstandar.
384 til år 322 før Kristus, spekulerte på mangt og mykje i si levetid, og hans teoriar dominerte europeisk og arabisk vitskap i nesten to tusen år. Tenk det! Aristoteles grubla sjølvsagt også over kva som skjer i eit fritt fall. Etter å ha tenkt ei stund, kom han fram til at det måtte vere slik at tunge lekamar fell raskare enn lette gjenstandar. Alle og einkvar kunne jo sjå at for eksempel ei fjør fell saktare enn ein stein, så ingen tenkte at Aristoteles sin teori kunne vere feil. Men 1905 år etter Aristoteles sin død var det ein italiensk vitskapsmann som heitte Galileo Galilei som oppdaga noko som ikkje stemte med Aristoteles sin teori.
Galileo og pendlane
Galileo såg at to pendlar med lik lengde svingte akkurat like fort, sjølv om dei hadde ulik tyngde. Ut frå det forstod han at gjenstandar fell like fort uavhengig av kor tunge dei er. Galileo meinte altså at viss du slepp ei geværkule og ei kanonkule samtidig frå ei høgde, så vil dei komme ned til bakken samtidig. Aristoteles ville derimot sagt at kanonkula skulle komme ned først, fordi ho er tyngst. Legendene seier forresten at Galileo gjorde eksperiment med fritt fall ved å sleppe kanonkuler og geværkuler frå det skeive tårnet i Pisa, men det er ikkje sant.
Galileo oppdaga at Aristoteles hadde tatt feil.
1-0 til Galileo
Viss vi ser bort frå luftmotstanden, har Galileo rett; gjenstandar fell akkurat like fort uansett kor store eller tunge dei er. Viss ein slepp ei fjør og ein stein frå same høgde i eit lufttomt rom, vil dei faktisk komme ned til bakken samtidig! Sånn er det jo ikkje vanlegvis, då bremser jo lufta fjøra sånn at ho når bakken lenge etter steinen.
Fritt fall raskare ved ekvator
Fritt fall er faktisk ikkje det same over heile jorda, men er avhengig av kor ein er. Fartsauken (akselerasjonen) ved fritt fall er 9,83 m/s2 ved polane, men han er 9,78 m/s2 ved ekvator. Det betyr altså at ein gjenstand i fritt fall vil falle bittelitt raskare til bakken ved polane enn ved ekvator.
Fritt fall er ikkje det same overalt på jordkloden.