Hopp til innhold

– Geniale og tidlause gitar-riff

Gitaristane i Hellbillies og Backstreet Girls hyller The Rolling Stones-gitaristen Keith Richards for «attitude» og klassiske gitar-riff.

Video Lars Håvard Haugen og Petter Baarli spelar Brown Sugar

Sjå Lars Håvard Haugen og Petter Baarli spele Keith Richards-riff frå Brown Sugar.

Gitaristen i The Rolling Stones, Keith Richards, kjem no med bok om det turbulente livet sitt.

– Han er den tøffaste rock’ n roll-gitaristen. Han kan stå framfor 500.00 og banke på, han er så ærleg og ekte det er ikkje noko tull med han, seier Petter Baarli, gitarist i Backstreet Girls.

Keith Richards

Keith Richards lanserte i dag boka 'Livet'.

Foto: DMITRY LOVETSKY / AP

Natt til i dag vart sjølvbiografien Livet lansert over heile verda. Der avslører Richards det meste om den enorme populariteten, alkohol- og heroinmisbruket, oppturar og nedturar, barna og kvinnene.

Enorm påverknad

The Rolling Stones-gitaristen har inspirert gitaristar over heile verda. Også gitarist i Hellbillies, Lars Håvard Haugen, er stor fan av The Rolling Stones.

– Eg har høyrt på Stones heile livet. Det har påverka meg enormt mykje, og som gitarist då spesielt Keith Richards. Det er så stort hjarte i alt han gjer, han spelar alltid med hjartet utanpå skjorta, seier Haugen.

Men reint teknisk sett er kanskje ikkje Keith Richards blant dei store.

– Har er ikkje virtuos på noko som helst slags måte. Alt han gjer er enkelt, men berre han får det til å høyrest akkurat slik ut, det er det geniale. Han har så mange klassiske riff på samvitet, seier Haugen.

Video Lars Håvard Haugen og Petter Baarli spelar Brown Sugar

Høyr Petter Baarli og Lars Håvard Haugen hylle Keith Richards.

For Petter Baarli er det først og fremst rock'n roll-haldninga som har inspirert han.

– Han har attitude og gje faen-haldning. Det er total rock’n roll, pøbelskap og vill herjing.

Klassiske gitar-riff

– Alle dei fantastiske gitar-riffa, alle flest som speler gitar har på eitt eller anna tidspunkt spelt eitt av riffa hans, seier Haugen.

Riffa i songar som Jumpin' Jack Flash, Start me up, Happy og Brown Sugar har rett og slett vorte klassiske rock' n roll-riff.

– Dei læt like friske kvar gong. Dei er geniale, seier Haugen.

– Dei er tidlause. Miss Amanda Jones frå 1967 – eg vert heilt sett ut, det er så kult, legg Baarli til.

Drøymer om Stones på Torshov

Lars Håvard Haugen fortel at han vanlegvis ikkje er så glad i store stadionkonsertar, men for The Rolling Stones gjer han eit unntak.

– Når Stones kjem på Valle Hovin – då går eg dit.

Begge gitaristane meiner at draumen ville vere å sjå The Rolling Sotnes på ein liten klubb,

– Kansje på Rosen på Torshov, ler Petter Baarli.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.