Siste stopp før juleribba og den kristne høgtida, var i hinduane sin hellige by Varanasi i India. Og det visste Kristine Fjordheim frå Stavanger, blant mange. Men det var berre ho som var så heldig å bli trekt ut som vinnar, som dermed får eit Norgesglass og ein bag i premie. Gratulerer til deg, Kristine!
Barn utkledd som Hindu-guder under Ramlila-feiringene i Varansi. Foto: Rajesh Kumar Singh
Til dokke andre som ikkje vart trekt ut, eller ikkje klarte å finne fram i atlaset forrige gang; ikkje fortvil; vi har eit stort lager av Norgesglass, og det er ingen tegn til at duoen Riisnæs og Radøy kjem til å slutte å sende oss reisebrev.
Klikk på lenka i medieboksen over for å høyre dagens reisebrev. Trur du du veit kva slags LAND vi vil fram til, så send svaret til norgesglasset@nrk.no eller send det som tekstmelding; skriv glasset, så løysinga, og ikkje gløym ditt eige navn, og send meldinga til 1987.
Du kan også holde den gode gamle posten med arbeid; postadressa er Norgesglasset, NRK, 7005 Trondheim.
Norgesglasset NRK P1 - 07.01.04