For nøyaktig ei veke sida her i Norgesglasset, kunne vi høyre at vårt reisande radarpar Riisnæs og Radøy sat i ein robåt og beundra eit nesten 2000 år gamalt brufundament frå romertida. Vi ville ha navnet på elva og fekk vite at den renner ut i eit svart hav og sjølv ikkje er særlig blå.
Det var opplysninga om Jernporten som gjorde at det vart lyst i Longyearbyen. Då skjønte nemlig Freia Hutzschenreuter, som altså held til i Longyearbyen, at det var Donau som var svaret. Og slikt blir belønna med eit Norgesglass.
Våre farande fantar er fortsatt på farten. Men kor tilbringer dei den? Er det fjell- eller sjøpåske på dei verdensvante vandrerane i år? Vi kan røpe at dei ikkje er på hytta på fjellet. Dei er ved eit vatn, eller er det ein sjø eller eit hav? Klikk på lenka i medieboksen for å høyre reisebrevet.
Har du navnet på havet eller sjøen, så kast deg over tastane på mobilen, og skriv svaret med kodeordet glasset forran, og send meldinga til 1987.
Du kan også sende løysinga som e-post til norgesglasset@nrk.no, eller på gamlemåten til:
Norgesglasset
NRK P1
7005 Trondheim
Norgesglasset NRK P1 07.04.2004