I forrige veke låg radarparet på ei paradisstrand i ein tidligare portugisisk koloni. Vi fekk vite at ordet KASTE kom derifrå og at det eigentlig betyr ”ein som er født av portugisiske foreldre” på denne staden. I dag blir det brukt det på ein annan måte i buddhismen og ikkje minst i hinduismen.
Her vart dokke virkelig sett på prøve i geografikunnskapane dokka. Mange havna på villspor, og noken til og med på feil villspor. Men Svanhild Krieger frå Heradsbygd har sendt oss ei tekstmelding der det står ”Jeg tror det er GOA”, og det er fullstendig korrekt. Dermed blir det eit Norgesglass på ho.
Då har vi klart eit nytt reisebrev, der Riisnæs og Radøy med innlevelse fortel det aller meste av interesse frå staden der dei er, sånn bortsett frå navnet, då, på byen. Det er di oppgåve å finne ut av, og om du klarar å spore dei opp kan du bli eit Norgesglass rikare...
Klikk på lenka i lyd- og bildeboksen over for å høyre reisebrevet. Har du ingen anelse i det heile tatt om kor Jens A. Riisnæs og Sverre Tom Radøy var då dei sendte oss dette reisebrevet, så ikkje ver lei deg, for det var nok ei litt vrien oppgåve.
Og for dei av dokke som han knekt nøtta, og navigert seg fram i atlaset er det berre å sende svaret som tekstmelding til 1987. Skriv glasset + svar, og nummeret er altså 1987.
Eller bruk e-post: norgesglasset@nrk.no
Eller sysselsett postmannen ved å sende svaret via den gode gamle posten til Norgesglasset, NRK, 7005 Trondheim.
Norgesglasset 04.02.04